I Kina har redningsarbeidarar starta arbeidet med å pumpa vatn ut av den overfløymde gruva der 28 arbeidarar sit innesperra.
Totalt 41 gruvearbeidarar var på jobb då ulukka råka ei kolgruve i Sichuan-provinsen sørvest i Kina klokka 04 natt til søndag norsk tid.
Tretten av dei greidde å koma seg ut då flaumvatnet inntok gruva, men dei resterande 28 er framleis inne i gruvegangane.
- LES OGSÅ: 28 innesperret i gruve i Kina
Veit ikkje tilstand
– Me har sendt fire bilar med pumpeutstyr frå Chengdu for å bistå i redningsarbeidet seier Lin Shucheng, ein lokal tenestemann til det statlege kinesiske nyheitsbyrået Xinhua.
Kinesiske styresmakter har førebels gjeve få opplysningar om omstenda kring ulukka.
Helsepersonell står parat til å tilby førstehjelp , men det er ennå uklart kvar i gruva dei 28 arbeidarane oppheld seg, og kva tilstand dei er i.
Gruva nyleg renovert
Kolgruva skal ifølgje Lin nyleg ha vorte renovert for å auka den årlege utvinninga frå 50 000 til 60 000 tonn.
– Men all verksemda var lovleg. Forretnings- og produksjonsløyver er gyldige, opplyser han.
- LES OGSÅ: Reddet etter tre dager i et rør
Ingen andre land i verda vert råka så ofte av gruveulukker som Kina. I fjor omkom 2631 gruvearbeidarar i gruveulukker i Kina, ifølgje offisielle tal, men uavhengige fagforeiningar seier dødstala truleg er mykje høgare, og skuldar styresmaktene for å teia om mange ulukker.
- LES OGSÅ: Minst 20 døde i kinesisk gruveulukke