Hopp til innhold

Lita jente levde saman med aper i skogen

Tømmerhoggarar oppdaga ei lita jente som levde saman med ein apeflokk i ein skog i den indiske delstaten Uttar Pradesh. Dei vart angripne av apene då dei prøvde å nærme seg jenta, melder AP.

En jente i 10-årsalderen skal ha levd blant aper i skogen i India.

VIDEO: Ingen veit kor lenge jenta har levd saman med apene

Jenta, som truleg er i 10-årsalderen, skal ha oppført seg akkurat slik som apene ho var saman med. Ho var heilt naken, bevega seg på alle fire, tok i seg næring direkte med munnen frå bakken og ho var utan språk, ifølgje dei som oppdaga henne.

Tømmerhoggarane tok kontakt med det lokale politiet, og dei greidde å hent jenta frå apekolonien. Også politimannen som gjekk inn for å hente jenta vart angripen av apene, men han greidde å få henne med seg, blir det fortalt.

– Hadde det bra

Politimannen Dinesh Tripathi seier til AP at jenta verka som jenta hadde det veldig bra saman med apene.

– Då politimannen gjekk inn for å hente jenta, gjekk apene til angrep. Då han køyrde vekk med henne i politibilen sprang apene etter, seier han.

Jenta vart teken til eit sjukehus i byen Bahraich, der ho har fått behandling sidan ho vart funnen i januar.

Medisinsk leiar ved sjukehuset, D.K. Singh, seier til nyheitsbyrået AP, seier at ho no har byrja å gå normalt og å ta maten med hendene.

Jenta har vore på eit sjukehus i Bahraich sidan januar, og ho har gjort store framskritt. Men ho er enno ikkje identifisert.

Foto: AP

– Greier å smile

– Ho kan enno ikkje snakke, men ho verkar å forstå det vi seier til henne. Ho greier til og med å smile, seier han.

Han fortel at dei kjem til å overlate henne til ein barneheim for foreldrelause, og at ho kan vere der til ho er identifisert. Ingen veit kor lenge ho har budd saman med apene i Katarniya Ghat-skogen.

Politiet etterforskar no korleis jenta hamna inne i skogen saman med apene, og kven foreldra hennar kan vere. Dei går gjennom listene over alle sakna born i India.

Saka har vekt stor oppsikt, ikkje minst fordi ho minner om historia om Mowgli i Rudyard Kiplings verdskjende roman «Jungelboka».

bahraich-india

SISTE NYTT

Siste nytt