Hopp til innhold

Listhaug: - Ein marknad styrt av politiske signal

POZZALLO, SICILIA (NRK): Noreg står ikkje like høgt på ynskjelista til einslege asylsøkjarar som kjem til Europa. – Det er bra, og det har med kva signal vi har sendt ut, seier innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp).

Reportasje fra Dagsrevyen

VIDEO: Sjå intervjuet med Sylvi Listhaug.

NRK møtte Listhaug i Pozzallo på Sicilia, der straumen av flyktningar som kjem sjøvegen frå Afrika har auka kraftig dei siste vekene. Listhaug fryktar ei ny migrantkrise , ei krise som kan bli like alvorleg som den vi opplevde i fjor.

Pozzallo ligg heilt sør på Sicilia, der Frontex, EUs yttergrensekontroll, registrerer alle som kjem i land. Mottaket her er under press. Talet på menneske som tek seg over Middelhavet frå Nord-Afrika til Sicilia er sterkt aukande.

Uroa over situasjonen

Over 47.000 båtflyktningar og migrantar har kome til Italia i løpet av dei fem første månadene i år. Den siste veka har tre båtar velta, og 13.000 er redda opp av sjøen. Minst 700 har truleg drukna .

Båtflyktningar ventar på å få koma i land på Sicilia

Det har kome o ver 47.000 båtflyktningar og migrantar til Italia dei første fem månadene i år. Her frå Sicilia.

Foto: ANTONIO PARRINELLO / Reuters

Sjølv om færre seier at dei ynskjer seg til Noreg, så fryktar Sylvi Listhaug at fleire likevel vil prøve å kome seg til hit til landet.

– Situasjonen er svært urovekkjande. Dei seier her i Pozzallo at det er ein kraftig auke i mindreårige som blir sende hit. Vi veit at dette er ei gruppe som har god sjanse for å få bli, og Noreg er eit attraktivt land for dei. Eg er svært uroa over at det ser ut til at Stortinget ikkje kjem til å vedtak innstrammingar for einslege mindreårige, seier Sylvi Listhaug til NRK.

– Politiske signal

Ho legg til at til straumen av migrantar er ein marknad som er styrt av politiske signal.

-- Eg er glad for å høyre at talet som ynskjer seg til Noreg har gått ned samanlikna med i fjor, og det handlar om kva signal som er sende ut. Denne marknaden er styrt av politiske signal om ein er liberal eller streng, seier innvandringsministeren.

I ettermiddag reiste Sylvi Listhaug og følgjet hennar til Roma for å møte den italienske innanriksministeren.

Etter at EU og Tyrkia skreiv under ein avtale om retur av migrantar som kjem til EU, er det langt færre som prøver å ta seg over havet til Hellas. Det er frykt for at stadig fleire vil prøve å krysse Middelhavet frå Libya til Italia.

pozzallo

SISTE NYTT

Siste nytt