Tryggingskontrollen av journalistane tok lenger tid enn forventa, og eit kvarter for seint vart rettssaka opna i säkerhetssalen i Stockholms Tingsrett.
Journalistane måtte gå gjennom ein nøyaktig kontroll der dei vart tekne gjennom ei sluse og kroppsvisiterte. Til og med lommebøker og sko vart granska.
Tiltalte Mijailo Mijailovic var ubarbert då han kom til rettssaka. (Teikning: Reuters/Scanpix)
Mijailovic var ubarbert
Den tiltalte Mijailo Mijailovic kom inn i salen i hælane på advokaten sin Peter Althin. Dei kom frå ein underjordisk gang som fører frå varetektsfengselet Kronoberg til tingsretten.
Mijailovic har fyldig hår og er ubarbert. Han er kledd i mørkt. Ifølgje dei som sit i salen, ser han veldig samla ut, og følgjer nøye med på bileta som aktor Agneta Blidberg syner fram.
- Mijailovic tok livet av Anna Lindh ved å hogge henne i magen, brystet og armane, slo aktor Agneta Blidberg fast, før ho begynte å leggje fram bevisa i saka.
- Drapet ikkje overlagt
- Han erkjenner at han gjekk til åtak på Anna Lindh med kniv, og dermed forårsaka at ho døydde, seier forsvarar Peter Althin.
Men Mijailovic nektar ansvar for "mord", dvs. overlagt drap.
Den tiltalte, Mijailo Mijailovic, skal etter planen forklare seg onsdag ettermiddag. Rettssaka blir send direkte på svensk P1, men Mijailovic har via advokaten sin sagt at han ikkje vil ha direktesending frå retten.
Mijailovic føler han ikkje vil kunne tale fritt viss det han seier går rett ut til allmennheita. Difor vil vi truleg ikkje få høyre stemma hans under rettssaka.
Mange ville sjå Mijailovic
Säkerhetssalen, der saka er sett, er ein underjordisk sal i Stockholms tingsrett, utan eitt einaste vindauge.
Allereie i går kveld begynte folk å stille seg i kø for å få billett inn til den historiske rettssaka. Det er plass til nitti menneske i sjølve salen. Av dei som har komme inn er 81 journalistar og berre ni vanlege folk.
I dag tidleg måtte fleire av dei som hadde venta gå heim for å høyre saka på radio i staden, tydeleg skuffa.
- Ikkje teikn på trusselbilde
Tryggingspolitiet Säpo i Sverige har fått kritikk for ikkje å ha hatt livvaktar kring Anna Lindh, men ifølgje aktor var det ingen teikn på førehand som viste at Lindh var i fare.
- Det fans ikkje noko som tydde på noko trusselbilde mot Lindh, sa Blidberg.
Blidberg legg onsdag føremiddag fram politiet sine prov i saka. Etter det skal forsvarar Peter Althin komme med sin versjon.
Familien har krevd Mijailovic for 250.000 kroner i erstatning.
Viktig om drapet var planlagt
Spørsmålet retten no må ta standpunkt til, er om Mijailovitch planla å ta livet av Anna Lindh. I så fall vil drapet bli rekna som overlagt, og straffa bli strengare.
Overlagt drap gir fengsel frå ti år til livstid, som inneber minst 20 år bak sprinklene. Mijailovic kan også bli dømt til forvaring i psykiatrien, her kan han bli i mange år.
Det er sannsynleg at Mijailovic blir sendt til rettspsykiatrisk undersøking etter rettssaka. Dermed tar det truleg kring fire veker før vi får vite kva straff han får.