Hopp til innhold

Lieberman mistenkt for korrupsjon

Den nye israelske utanriksministeren Avigdor Lieberman vart avhøyrt av politiet i sju timar i dag, mistenkt for korrupsjon og kvitvasking av pengar.

Avigdor Lieberman

Utanriksminister Avigdor Lieberman vart avhøyrt av politiet i sju og ein halv time i dag.

Foto: YOAV LEMMER / AFP

- Avigdor Lieberman vart forhøyrt av politiet i sju og ein halv time i dag under mistanke av følgjande: Korrupsjon, kvitvasking av pengar og tillitsbrot, seier talsmann for politiet, Micky Rosenfeld.

Lieberman, ein svært kontroversiell politikar, vart utnemnd til ny utanriksminister i Israel sist tysdag.

Dette kjem på eit svært dårleg tidspunkt for statsminister Benjamin Netanyahu og den nye regjeringa hans. Avtroppande statsminister Ehud Olmert måtte gå av og skrive ut nyval nettopp på grunn av mistanke om korrupsjon.

Avigdor Lieberman er leiar for partiet "Yisrael Beitenu", " Israel er vår heim",

Avigdor Lieberman er 50 år gammal og fødd i Kishinev i Moldova, den gongen ein del av Sovjetunionen. Han emigrerte til Israel i 1978, og han har ein mangslungen bakgrunn.

Han har blant anna vore dørvakt på ein nattklubb i Moskva, men har også ein bachelorgrad i internasjonal politikk frå det hebraiske universitetet i Jerusalem.

Kontroversielt parti

Han stifta partiet i 1999, og har stor støtte frå innvandrarar frå det tidlegare Sovjetunionen. Han har vore representant i Knesset sidan 1999, og var direktør for statsministeren sitt kontor i den siste statsministerperioden til Benjamin Netanyahu.

"Israel Beiteinu" er eit parti langt ute på høgresida i israelsk politikk, og Lieberman har mange svært kontroversielle synspunkt. Han vil blant anna redusere talet på arabarar som bur i Israel.

Han vil at område i Israel der arabarar er i fleirtal, skal overførast til ein palestinsk stat. Dei som blir igjen i Israel skal måtte avleggje ein truskapseid til staten.

SISTE NYTT

Siste nytt