Hopp til innhold

Israels utanriksminister kan bli tiltalt for korrupsjon

Den israelske påtalemakta har varsla utanriksminister Avigdor Lieberman om at han kan kome til å bli tiltalt for korrupsjon.

Avigdor Lieberman

Israels kontroversielle utanriksminister Avigdor Lieberman blir tiltalt for korrupsjon.

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

Lieberman, ein kontroversiell høgre-orientert politikar, er skulda for kvitvasking av pengar, økonomisk utruskap og påverking av vitne, melder ein israelsk fjernsynsstasjon.

Utanriksministeren har avvist alle skuldingane mot seg, men kan bli tvinga til å trekkje seg når han blir formelt blir tiltalt.

Fleire millionar dollar

Forholda Lieberman er etterforska for går frå 2001 til 2008, og det skal vere snakk om fleire millionar dollar. Påtalemakta skal no avhøyre Lieberman om det som har kome fram i etterforskinga, og deretter blir det teke stilling til om det skal takast ut tiltale.

52 år gamle Avigdor Lieberman er leiar for partiet Yisrael Beiteinu (Israel er heimen vår) , som i stor grad hentar medlemsmassen blant jødiske innvandrarar til Israel frå det tidlegare Sovjetunionen.

Oppvaksen i Moldova

Lieberman sjølv er fødd i den tidlegare sovjetstaten Moldova.

Han emigrerte til Israel som 20-åring i 1978. Han har vore parlamentsmedlem i Knesset sidan 1999, og han vart utnemnd til utanriksminister i regjeringa til Benjamin Netanyahu i mars 2009.

Lieberman bur i den jødiske busetjinga Nokdim på Vestbreidda.

LES OGSÅ: Omstridt statsborgerskaplov vedtatt i Israel

LES OGSÅ: – Israel ville bytte bort borgere

LES OGSÅ: Lieberman: Tiden ikke moden for palestinsk stat

LES OGSÅ: Vil ikke anerkjenne «Palestina» nå

LES OGSÅ: Ingen unnskyldning til Tyrkia

LES OGSÅ: Israel frykter at hele verden vil anerkjenne Palestina


SISTE NYTT

Siste nytt