Hopp til innhold

Libyske opprørarar får 85 mrd. kr.

"Venengruppa for Libya", som har hatt møte i Paris i dag, har frigjort over 85 milliardar kroner, som Gaddafi-regimet har hatt ståande i utanlandske bankar.

FRANCE-LIBYA-CONFLICT-DIPLOMACY -

Frå pressekonferansen i Paris i kveld. Frå venstre Mustafa Abdel Jalil frå overgangsrådet i Libya, Frankrikes president Nicolas Sarkozy, Storbritannias statsminister David Cameron og emiren av Qatar, Sheikh Hamad bin Khalifa al-Yhani.

Foto: LIONEL BONAVENTURE / Afp

Jens Stoltenberg

Jens Stoltenberg var med på møtet i Paris.

Foto: Charlotte Haarvik Sandén / NRK

Pengane har vore frosne etter at det vart innført strenge, økonomiske sanksjonar mot Gaddafi-regimet tidlegare i år.

Også i norske bankar

Statsminister Jens Stoltenberg representerte Noreg på møtet i dag, og han bad FNs sanksjonskomite om å frigjerne to milliardar kroner , som Gaddafi-regimet har hatt i norske bankar.

Pengane vil no bli overteke av overgangsrådet i Libya, trass i at Gaddafi-tilhengjarane enno ikkje har gitt opp. Tidlegare torsdag oppmoda Muammar Gaddafi tilhengjarane sine til å halde fram kampen mot opprørarane.

Frankrike har gjort det klart at dei meiner det er logisk at land som har støtta dei libyske opprørarrane mest aktivt, også får nyte godt av dette under gjenoppbygginga.

- Forretningsmessige prinsipp

Jens Stoltenberg seier til NTB at han ikkje har inntrykk av at det går føre seg ein dragkamp mellom stormaktene om å sikre seg grunsige kontraktar og libyske oljeressursar.

- Vi har ikkje informasjon som tilseier det. Tver imot har vi informasjon om det motsette, sa Stoltenberg før møtet i kveld. Han sa at Noreg har fått sterke forsikringar om at olje- og gassverksemda i Libya vil byggje på forretningsmessige prinsipp.

SISTE NYTT

Siste nytt