NRK Meny
Normal

Libysk oljeminister skiftar side

Den libyske oljeministeren Shukri Ghanem, som har hoppa av frå Gaddafi-regimet, går over på opprørarane si side.

Shukri Ghanem, styreleder i det statlige oljeselskapet i Libya (NOC)

Oljeminister Shukri Ghanem vender ryggen til Muammar Gaddafi og vil kjempa for eit demokratisk styresett i Libya.

Foto: Patricio Realpe / Ap

Ministeren seier til nyheitsbyrået ANSA at han ønskjer å kjempa saman med opprørarane mot Muammar Gaddafi. Ghanem vil jobba for demokrati i Libya.

Tunisiske styresmakter opplyste den 17.mai om at Ghanem hadde teke seg over grensa til Tunisia.

Tidlegare har utanriks- og justis­ministeren gått over på opprørarane si side.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt