Libya truar luft- og skipstrafikken

Libya kan gå til angrep på skip i Middelhavet og internasjonal flytrafikk dersom andre land går til angrep på landet, seier forsvarsministeren i landet.

Kamphandlingar i Libya.

Det har også i dag vore kampar mellom regjeringsstyrkar og opprørarar i Libya.

Foto: Ap

- Eit kvart utlandsk angrep på Libya vil setje flytrafikken og skipstrafikken i Middelhavet i fare, heiter det i ei fråsegn frå statsråden.

Fly- og skipstrafikk i fare

Jay Carney møter pressa i Det kvite hus.

Det kvite hus-talsmann Jay Carney seier at USA er i tett kontakt med sine allierte om tiltak mot Libya.

Foto: Carolyn Kaster / Ap

Det er venta at Tryggingsrådet i FN i løpet av kvelden vil røyste over eit forslag om å innføre ei flyforbodssone over Libya. Innføring av ei flyforbodssone vil truleg medføre bombing av libyske militære installasjonar.

- Alle militære operasjonar mot Libya vil setje all fly- og skipstrafikk i fare, heiter det i fråsegna frå forsvarsministeren. Og det heiter det vidare:

- Alle sivil og militær trafikk vil bli målet for den libyske motoffensiven. Heile Middelhavet vil bli svært farleg for alle fartøy, ikkje berre på kort sikt, men også på lang sit.

LES OGSÅ: - Vil ta pause i angrepene

LES OGSÅ: - Ti timar på å hindre folkemord

- Libyarar under angrep

Nyheitsbyrået Reuters har sett forslaget til Libya-vedtak som no verserer i FN-bygningen i New York. Dersom resolusjonen blir vedteken vil arabiske land og andre land, i samarbeid med FN, ha ein autorisasjon til å verne libyarar under angrep, og dette vil også gjelde opprørsbastionen Banghazi.

Teksten utelukker at det skal setjast inn ein okkupasjonsstyrke i Libya.

I teksten heiter det blant anna at det vil bli eit forbod mot alle typar flygingar i libysk luftrom.

Talsmann for Det kvite hus, Jay Carney, seier at USA er i nær kontakt med sine allierte om i løpet av kort tid å setje i verk tiltak for å hindre Gaddafi-regimet i å bruke vald mot sitt eige folk.

SISTE NYTT

Siste nytt

Vellykket SpaceX-oppskyting

Lørdag gjennomførte Elon Musks sin drøm om å sende mennesker i verdensrommet. Nå flyr SpaceX-raketten mot historie.

Foreløpig obduksjonsrapport: Ingen fysiske tegn på kvelning

En foreløpig obduksjonsrapport sier at George Floyd ikke døde av kvelning. Familien krever en ny undersøkelse etter antydninger om at han kan ha vært ruspåvirket.