Leung nektar å gå - demonstrantar går med på samtalar

Regjeringssjefen i Hongkong, Leung Chun-ying, går med på å halde samtalar med demonstrantane, men han nektar å trekkje seg.

Joshua Wong er leiar for demonstrantane i Hongkong.

Protest-leiaren Joshua Wong snakkar til folkemengda etter at Leung Chun-ying sa at han ikkje vil trekkje seg.

Foto: TYRONE SIU / Reuters
Bent Tanstad
Journalist

Dei demonstrerande studentane har trua med å storme regjeringskontora, men leiaren deira, Joshua Wong, seier i kveld at dei går med på samtalar med regjeringa. Leung sa i talen sin at konsekvensane ville bli svært alvorlege dersom demonstrantane gjer alvor av truslane sine.

Hongkongs statsminister Leung Chun-ying.

Honkongs statsminister Leung Chun-ying nektar å trekkje seg, men vil snakke med studentane.

Foto: PHILIPPE LOPEZ / Afp

Rundt 3000 demonstrantar samla seg framfor politiet sine barrikadar utanfor kontoret til Leung i dag, med krav om at han måtte trekkje seg innan midnatt lokal tid, kl. 18 norsk tid.

Held fram blokaden

Det er uklart om demonstrantane ser på forslaget om samtalar som godt nok, eller om dei står fast på at Leung må trekkje seg. Dei har i alle fall gjort det klart at det ikkje blir snakk om å stanse blokaden av regjeringskvartalet.

Leung Chun-ying talte rett før fristen dei demonstrerande studentane hadde sett for at han skulle trekkje seg. Han lovde i talen at visestatsminister Carrie Lam vil møte studentane for å diskutere politiske reformer. Han sa ikkje noko om når det skal skje.

Styresmaktene i Hongkong har tidlegare bede dei rundt 3000 demonstrantane om straks å avslutte blokaden av regjeringskvartalet. Protestane, som no har halde på nær ei veke, har fullstendig lamma trafikken i sentrum av den tidlegare britiske kronkolonien.

– Ikkje nok

– Eg trur ikkje dette er nok. Eg trur Leung ynskjer å bremse prosessen og få oss til å reise heim, seier journaliststudenten Nicholas Chan (20) ved Chinese University til nyheitsbyrået Reuters. Han ser ikkje bort frå at ein del demonstrantar kan velje å reise heim i løpet av natta fordi dei er slitne.

LES OGSÅ: Hongkong-demonstranter angripes av hackere

Demonstrasjonar i Hongkong.

Demonstrantane i Hongkong har trua med å storme regjeringskontora.

Foto: FREDERIC J. BROWN / Afp

Demonstrasjonane vart utløyste av at styresmaktene i Beijing kravde å få godkjenne alle kandidatane til parlamentet i Hongkong. Hongkong er formelt ein del av Kina, men har sidan Storbritannia overlet makta til Kina hatt ein stor grad av sjølvstyre.

Det er no stor frykt for at kinesiske styresmakter er i ferd med å stramme grepet rundt Hongkong, og at dei vil bruke ordninga til å luke ut kandidatar Kina ikkje ynskjer.

– Vil vente på Leung

Onsdag og torsdag var offentlege fridagar i Hongkong, etter nasjonaldagen tysdag. Det kan bli ein test når dei mange tilsette i regjeringskvartalet kjem tilbake på jobb fredag morgon.

– Vi vil omringe heile regjeringskomplekset og ventar på at Leung skal kome på jobb fredag. Vi vil snakke med han ansikt til ansikt, sa demonstranten Thomas Choi til nyheitsbyrået AFP i kveld.

Avisa til det kinesiske kommunistpartiet skriv i dag at dei støttar den øvste leiaren i Hongkong og oppmodar han til ikkje å trekkje seg som følgje av protestane.

– Dei sentrale styresmaktene har full tillit til den øvste leiaren i byen, Leung Chun-ying og er fullt ut nøgd med arbeidet hans, heiter det på førstesida til People's Daily.

Spent i Hongkong.

Demonstrantane utanfor regjeringskontora har ikkje tenkt å løyse opp demonstrasjonen.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

Arrestert for støtte til demonstrantar

Demonstrantane i Hongkong krev at den neste leiaren skal veljast på demokratisk vis i 2017, utan at Beijing skal ha rett til å godkjenne kandidatane.

Den siste veka er 20 aktivistar i Fastlands-Kina arresterte, medan 60 andre er tekne inn til avhøyr fordi dei har uttrykt støtte til protestane i Hongkong, opplyser Amnesty International.

LES OGSÅ: Protestleder til NRK: – Tror folk vil demonstrere i flere dager til

LES OGSÅ: Aktivister i Kina fengsles

LES OGSÅ: Eit lite stykke Kina?

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt