Hopp til innhold

Let seg ikkje skremme av atomsprenginga

SEOUL (NRK): Hyonsoo Kwon peikar på at dette er ikkje første gong sørkoreanarane opplever aggresjon frå naboen i nord, og at kvardagen må gå sin gang.

Hyonsoo Kwon

– Vi må berre halde fram med å leve liva våre, halde fram med kvardagen seier Kwoon på gata i Seoul.

Foto: Peter Svaar / NRK

– Vi er blitt vane med dette. Desse sprengingane skremmer meg ikkje, og eg har opplevd dette mange gonger før i mi levetid, seier ho til NRK.

Ho er ein av få i gatene denne seine onsdagskvelden i ti minusgrader. Kontrasten er stor til jublande nordkoreanarar i Pyongyangs gater tidlegare i dag, etter at det var annonsert at Nord-Korea hadde utført ei prøvesprenging av ei hydrogenbombe, ei type kjernefysisk våpen som er langt kraftigare enn atomvåpen.

– Uroa for følgene

Kwoon trur at prøvesprenginga handlar meir om å legge press på det internasjonale samfunn enn å angripe Sør-Korea.

– Dessutan har Nord-Korea mange andre skjulte motiv. Kanskje dei vil ha pengar eller naudhjelp. Då kan ei slik sprenging vere ein måte å presse verda utanfor slik at dei får viljen sin, seier ho.

Beanji Lim

Beanji Lim er uroa for den spente situasjonen mellom dei to landa på den koreanske halvøya.

Foto: Peter Svaar / NRK

Då er Beanji Lim er meir uroa for følgene dette kan få.

– Eg vil at dette skal slutte. Broren til bestevenninna mi drog i militæret for eit par veker sidan. Så eg er mest uroa for han, seier den unge jenta.

Seinast i august i fjor var det artilleritrefningar på grensa, med fleire skadde sørkoreanske soldatar.

Hastemøte i FN

Fleire ekspertar meiner at dette ikkje kan vere ei hydrogenbombe, slik Nord-Korea hevdar.

Det har kome kraftige reaksjonar frå fleire land i løpet av dagen, også frå Kina, som speler ei hovudrolle når det gjeld korleis ein skal handtere dette.

Kina har lenge forsøkt å få Nord-Korea tilbake til forhandlingsbordet i dei såkalla seksnasjoners-samtalane, og har vore veldig tydelege på at dei er mot Nord-Koreas utvikling av atomprogrammet.

NORTHKOREA-NUCLEAR A paramilitary solider stands guard at the main gate of North Korea's embassy in Beijing

Ein nordkoreansk soldat vaktar ambassaden i Beijing. Kina har ei viktig rolle i den vidare handteringa av situasjonen.

Foto: KIM KYUNG-HOON / Reuters

Dei er også uroa for spenningane dette fører med seg ettersom Sør-Korea, Japan og USA som er deira allierte vil trappe opp sitt nærvære i Nord-Asia.

No er spørsmålet korleis Kina vil stille seg til dette i FNs tryggingsråd, som i ettermiddag har innkalla til eit hastemøte grunna prøvesprenginga.

SISTE NYTT

Siste nytt