Normal

Lesbiske fosterforeldre må flytte til hemmeleg adresse

Eit lesbisk nederlandsk par og det tyrkiske fosterbarnet deira har flytta til hemmeleg adresse etter sterke protestar frå tyrkiske politikarar.

Statsminister i Tyrkia, Recep Tayyip Erdogan.

Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan kjem på offisielt besøk til Nederland komande veke.

Foto: Ap

Det ni år gamle fosterbarnet, Yunus, vart teken frå dei biologiske foreldra sine medan han enno var baby av barnevernet. Dei biologiske foreldra var tyrkarar busette i Nederland, men guten er nederlandsk statsborgar.

Dei siste åra har han vore hos det lesbiske paret i Haag.

Då barnevernet ville ta frå det tyrkiske paret to andre born i 2008, tok dei med seg borna og reiste heim til Tyrkia, skriv den nederlandske avisa NRC Handelsblad .

Ber Erdogan engasjere seg

Den biologiske mora stod nyleg fram i eit intervju på tyrkisk fjernsyn med sterk kritikk av at to lesbiske kvinner skulle oppdra sonen hennar. Ho oppmoda Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan om å engasjere seg direkte i saka.

– Eg kjenner meg trist fordi barnet mitt bur saman med eit par med heilt andre verdiar enn det vi har. Korleis ville du ha reagert dersom barnet ditt voks opp saman med eit par lesbiske, spør ho programleiaren.

I fjernsynsintervjuet vedgjekk mora at ho ein gong miste barnet ned frå ei beremeis som var for dårleg festa, men at det ikkje burde vere nokon grunn til at barnet skulle takast frå familien.

– Homoseksuelle eller kristne

Fleire politikarar frå det regjerande islamistpartiet AKP har kome med sterk kritikk av at born av tyrkiske foreldre blir plasserte hos homoseksuelle, kristne eller andre med verdiar som er i strid med det dei biologiske foreldra står for.

No truar denne saka med å overskugge eit offisielt besøk i Nederland av den tyrkiske statsministeren førstkomande torsdag. Saka har vekt reaksjonar i det store tyrkiske miljøet i Nederland.

Visestatsminister Lodewijk Asscher åtvarar Tyrkia mot å blande seg inn i innanrikspolitiske saker i Nederland. Han gjer det klart at ei kvar innblanding i denne saka frå Tyrkia vil vere upassande.

Asscher rosar det lesbiske paret for å ha teke ansvar for eit barn i fare, og han nyttar også høvet til å rose det nederlandske barnevernet. Han sa fleire gonger på ein pressekonferanse i dag at Yunus verkeleg var i fare før barnevernet greip inn.

– Fortener beundring

Han sa også at det er svært trist at det skal vere naudsynt for guten og fostermødrene å gå i skjul.

– Dette er ikkje slik det skal vere. Menneske som er villige til å ta vare på andre sine born, fortener beundring, sa han blant anna.

Barnevernet opplyser til NRC Handelsblad at det ikkje har kome spesifikke truslar mot det lesbiske paret eller Yunus, men at det er tryggast for dei å bu på ei anna adresse i ei tid framover i samband med at Tyrkias statsminister Recep Erdogan kjem til landet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt