Hopp til innhold

Lera (12) har mamma med på flukta – det kan vere avgjerande for framtida hennar

På ein togstasjon i Romania tviheld Lera og veslebroren på mamma. Å flykte saman med dei næraste er viktig for å unngå livslange traume.

12 år gamle Lera på togstasjonen i Bucuresti.

HAR KVARANDRE: Lera (12) saknar pappa som er heime i Ukraina. Ho og familien vil heim att så raskt dei kan, men veit ikkje når det kan skje.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Eg såg at dei byrja å bombe flyplassen, eg såg bombene fly gjennom lufta, fortel 12 år gamle Lera.

Tårene pressar på. Tankane på det som skjer i heimlandet Ukraina og heimbyen Dnipro er som mareritt.

Men i alt det tragiske har ho med seg mamma og veslebroren. No har dei fått plass i eit midlertidig mottak i ei kyrkje i Bucuresti.

Kan få alvorlege traume

– Om ikkje anna, så har dei kvarandre. Det er viktig og avgjerande for framtida hennar, seier krise- og barnepsykolog Magne Raundalen.

For barn som hamnar på flukt utan den dei har nærast og kjærast, vil kunne oppleve livslange traume, seier den svært erfarne barnepsykologen.

– Det er heilt grunnleggjande, det handlar om tilknyting, seier Raundalen.

Han peikar på at heilt sidan 2. verdskrigen har det blitt forska på kva som skjer med barn som blir skilde frå foreldra sine – slik mange no har blitt i Ukraina.

– Dei barna som hadde teke skade og som hadde psykiske problem og var mest utsett, var dei som vart sende heimanfrå - samanlikna med dei som var i London under bombinga saman med foreldra sine, fortel Raundalen.

Shelterers at Holborn Underground station during the Blitz. People (mostly women and children in this shot) are sitting on bunks or on blankets on the platform itself. Other than the little girl in the foreground, everyone looks remarkably cheerful.

Mange barn i London blei sende ut av byen då tyskarane starta den såkalla «blitzen», ei evigvarande bombing av den britiske hovudstaden i 1940 og 1941. Desse barna er med foreldra sine i undergrunnen på Holborn stasjon i september 1940.

Foto: Fox Photos

Blei sende heimanfrå

Også i Noreg blei mange barn «sende på landet» under krigen, medan foreldra gjerne var igjen i byen for å jobbe.

– Eg har lytta til mange gamle folk som vart sende vekk under krigen i Noreg. Som til dømes vart sende frå Bergen til Voss etter bombinga på Laksevåg. Dei kan snakke om snille og gode og greie folk dei kom til, men skrekken var å bli sende heimanfrå.

Med over 50 års erfaring med barn i krise, ber han oss alle vere merksame på det flyktningane frå Ukraina no blir utsett for.

– Vi kan føle på at vi har gjort det vesentlege når vi har redda livet deira og dei har kome til ein trygg stad. Men menneske lever ikkje av det åleine. Dei må ha kontakt med det levande livet, ha menneske å bli kjende med.

Helst bør nære omsorgspersonar som mor, far eller begge vere med, meiner Raundalen.

Magne Raundalen sitter på en rød benk.

Magne Raundalen er i dag 80 år gamal. Alt i 2001 bel han utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden for arbeidet sitt for barns beste.

Foto: NRK

– Veldig traumatiserte

Kvar time, kvar dag av krigen flyktar fleire tusen barn frå krigen i Ukraina. Anten saman med sine nære og kjære – eller heilt aleine.

– Det å ha trygge omsorgspersonar rundt seg, som mamma sin, er svært viktig for eit barn sin tryggleik og evne til å tenke framover og ha håp om framtida, seier Gunvor Knag Fylkesnes i Redd Barna.

Der er ho sjef for politikk og samfunnskontakt. Kvar dag får ho rapportar frå Redd Barna sine tilsette i Ukraina, dei som er på grensene og dei som møter dei flyktningane som har reist frå landet.

– Barn blir veldig traumatiserte av det dei opplever og ser, både den utryggheita, og også dei psykiske skadane dei måtte få i løpet av ein krig. Det er kjempeviktig at barn får god oppfølging i etterkant.

In this picture taken on March 18, 2022, 109 empty strollers are seen placed outside the Lviv city council during an action to highlight the number of children killed in the ongoing Russia's invasion of Ukraine. (Photo by Yuriy Dyachyshyn / AFP)

På dette bildet, tatt 18. mars, kan vi sjå 109 tomme barnevogner plassert utanfor rådhuset i Lviv. Barnevognene symboliserer 109 barn som er drepne i krigen.

Foto: YURIY DYACHYSHYN / AFP

Vil heim att til Ukraina

Nabolanda til Ukraina har hittil tatt imot over 2,5 millionar flyktningar. Etter kvart vil mange tusen også kome hit til landet.

Fylkesnes har ei viktig oppmoding til alle.

– Ta imot dei med opne armar, ver ein god nabo og ver snill mot dei som kjem til lokalsamfunna våre. Inviter dei inn i leiken, inviter dei på middag og vis hjarterom.

På jernbanestasjonen i Bucuresti kjenner Lera og veslebroren varmen frå mamma. Pappa er igjen i Ukraina.

– Vi vil tilbake til Ukraina, vi vil heim igjen. Vi vil at krigen skal ta slutt, seier Lera.

Les også Gjør klar «ukrainsk skole» i rekordfart for opptil 300 elever i Bergen

Bilde av tre personer, en mann og to kvinner.

Kong Harald besøkte ukrainske flyktningar sist fredag.