Hopp til innhold

Leopard vandra inn på skule i India

Ein leopard forvilla seg inn på ein skule i Mumbai i dag, ifølgje indiske medium. Det var elevar til stades på skulen, men ingen blei skadde.

Leopard i India

ANGRIP FOLK: Det er ikkje uvanleg at folk blir angripne av leopardar i India. Her er ein som blei fanga etter å ha gått til åtak på fleire personar i januar i år.

Foto: Anupam Nath / Ap

Leoparden hadde forvilla seg inn på ein internasjonale skule i forstaden Mulund i Mumbai. Den har truleg vandra frå ein nasjonalpark som ligg i nærleiken.

Vaktmeisteren oppdaga leoparden

Leoparden hadde funne vegen til kjellaren, og målet var å prøve å bedøve leoparden der.

Ein vaktmeister hadde sett leoparden vandre inn på skuleområdet klokka åtte om morgonen, og informerte rektor. Deretter blei det tilkalla skogvaktarar.

Studentar evakuerte

Men i staden for å prøve å bedøve leoparden på skuleområdet brukte skogvaktarane størsteparten av dagen på å prøve å jage ut leoparden frå skuleområdet og inn i skogen den kom ifrå.

Det var svært få elevar til stades på skulen fordi det er skuleferie. Dei få elevane som var der blei evakuerte.

Fleire drepne av leopardar

Leopard-angrep India

I juli 2011 blei ein skogvaktar i India angripen av ein leopard som forvilla seg inn i ein landsby.

Foto: Anonymous / Ap

I India er det ikkje uvanleg at leopardar vandrar ut av skogen og inn i bustadområde der det fins folk. Fleire gonger har leopardar gått til åtak på menneske.

Tidlegare på dagen meldte indiske medium at ein 60 år gamal mann blei drepen av ein leopard i Dhari i Amreli-distriktet i India.

Ifølgje Times of India blei ei åtte år gamal jente drepen i går av ein leopard i ein landsby i det same distriktet.

Jenta og familien skal ha sove utandørs på ei mark, og leoparden drog vekk jenta og drap henne før familien rakk å reagere.

I juli i fjor angreip ein leopard ein skogvaktar i utkanten av Siliguri. Leoparden hadde forvilla seg inn i landsbyen og gått til åtak på fleire innbyggarar, inkludert minst fire vakter, før han blei fanga av skogvaktarar.

Leoparden, som fekk skader av knivar og batongar, døydde seinare på kvelden hjå ein veterinær. Skogvaktaren som blei angripen fekk skadar.

SISTE NYTT

Siste nytt