Hopp til innhold

Leitar etter spor i Madeleine McCann-saka i tysk kolonihage

Tysk politi gjer no søk i ein kolonihage i Hannover i samband med saka om den forsvunne Madeleine McCann, som vart meldt sakna i 2007.

Tysk politi gjer søk i ein kolonihage i Hannover i samband med Madeleine McCann-saka.

Tysk politi gjer søk i ein kolonihage i Hannover i samband med Madeleine McCann-saka.

Den tyske statsadvokaten sin talsperson, Julia Meyer, bekreftar at søket er knytt til etterforskinga overfor nyheitsbyrået Ap.

– Søket har samanheng med etterforskinga av Maddie McCann, seier ho.

Ifølgje den tyske avisa Bild-Zeitung skal politiet ha søkt etter spor i hagen sidan tidleg tysdag morgon. Det skal etter planen halde fram på onsdag.

Hagen skal ligge cirka 60 kilometer frå staden der mannen som er mistenkt for drapet på McCann sist hadde registrert adresse, melder Sky News.

fI-MlSnmfXs

GREV ETTER SPOR: Tysk politi grev etter spor i ein kolonihage i den tyske byen Hannover.

Foto: Peter Steffen / AP

Politiet brukar hundar og gravemaskiner i søket. Fleire politifolk jobbar på staden.

Augevitne opplyser til Sky News at politiet har sperra av to område. Rundt 300 meter frå kvarandre.

Sky News sin krimkorrespondent opplyser at politiet og skal ha hogd ned tre for å kome til med tungt graveutstyr.

Z9ufPUWHcy4

Politiet gjer søk med hundar på staden.

Foto: Peter Steffen / AP
ckZ7OTmzWNg

Politiet brukar store ressursar i søket.

Foto: HAUKE-CHRISTIAN DITTRICH / AFP

Tyske styresmakter mistenkjer ein tysk mann for å ha bortført og drepe Madeleine. Mannen er tidlegare dømd for overgrep mot barn og sonar no ein narkotikadom i eit fengsel i Tyskland.

Den mistenkte skal i periodar ha budd i nærleiken av kolonihagen, skriv den britiske tabloidavisa Daily Mail. Den tyske avisa Bild skriv derimot at det ikkje er kjent kva tilknyting han skal ha til hagen.

aA7EaHv-PqY

Politiet har dekka til området der dei no grev etter spor i Madeleine-saka. Det står fleire politibilar parkert på vegen ved sidan av kolonihagen.

Foto: FRANK WITTE / Reuters

Forsvann i 2007

Tre år gamle britiske Madeleine McCann forsvann frå feriekomplekset Oceans Club i Praia då Luz i Algarve, sør i Portugal den 3. mai 2007.

I juni klassifiserte den tyske påtalemakta i Braunschweig i delstaten Niedersachsen Madeleine-saka som drap, og den tyske mannen som mistenkt.

Britisk politi ser derimot framleis på Madeleine-saka som ei forsvinning.

Den britiske savnede jenta, Madeleine McCann, som forsvant i 2007.

Madeleine McCann.

Foto: AP

Skal ha reist rundt i bubil der Madeleine forsvann

Britiske medium skreiv i juni at den mistenkte tyskaren reiste rundt i ein campingbil i Portugal da Madeleine forsvann.

Den tyske hovudmistenkte skal ha vore i området der familien McCann ferierte i det aktuelle tidsrommet då Madeleine McCann forsvann.

I juni skreiv britiske Sky News at portugisisk politi skal ha identifisert ein hotelltilsett som skal ha tipsa den hovudmistenkte tyskaren om at Madeleiene var aleine på hotellrommet.

Den mistenkte skal ha flytta frå eit feriehus han oppheldt seg i før forsvinninga. Politiet har funnet ut at han ikkje flytta langt unna staden der Madeleine og familien ferierte.

Leita i brønnar i Portugal

I midten av juli leita portugisisk politi også etter spor i fleire brønnar i Algarve-regionen.

Dei nedlagde brønnane ligg i nærleiken av feriestaden Praia de Luz, som jenta forsvann frå i 2007. Brønnane vart undersøkt av både politi og dykkarar.

Den britiske avisa The Guardian skreiv då at brønnane skal ha vore i nærleiken av strender som den hovudmistenkte tyskaren i saka har vore på.

Staden skal for eksempel vere i nærleiken av stranda der campingbilen hans vart fotografert i 2007.

Hans Christian Wolters

Den tyske statsadvokaten Hans Christian Wolters. Bildet er tatt under ein pressekonferanse om Madeleine-saka i juni.

Foto: EROL DOGRUDOGAN / REUTERS

Skal ha konkrete bevis

I juni meldte fleire britiske medium at den tyske statsadvokaten Hans Christian Wolters, som etterforskar den 13 år gamle forsvinninga av Madeleine McCann i Portugal, skal ha skrive eit brev til Madeleine sine foreldre, Kate og Gerry McCann.

I brevet skal Wolters ha skrive at han sit på «konkrete bevis» for at dottera deira er død, men statsadvokaten skreiv og at han ikkje kan fortelje om bevisa utan å sette hele etterforskinga i fare.

I ei pressemelding på nettsida si skreiv foreldra til McCann at britiske medium si dekning av brevet medførte unødvendig angst for venner og familie og nok ein gang forstyrra liva deira.

Seks år gamle René Hasee forsvant fra Algarve i Portugal i 1996, samme område som Madeleine McCann ble borte i 2007. Fem år gamle Inga Gehricke forsvant i 2015 fra en skog i Sachsen-Anhalt i Tyskland i 2015.

Fem år gamle Inga Gehricke forsvann i 2015 frå ein skog i Sachsen-Anhalt i Tyskland i 2015. Seks år gamle René Hasee forsvann frå Algarve i Portugal i 1996, same område som Madeleine McCann vart borte i 2007.

Foto: Privat

Mistenkt kopla til fleire forsvinningar

I juni gjenopna tysk politi to forsvinningssaker som dei og knyter til den hovudmistenkte tyskaren i McCann-saka.

Det gjeld forsvinninga til seks år gamle René Hasee, som forsvann frå Algarve i Portugal i 1996, i same område som Madeleine McCann vart borte i 2007. Dei mistenker og mannen for å ha bortført fem år gamle Inga Gehricke, som i 2015 forsvann frå ein skog i Sachsen-Anhalt i Tyskland i 2015.

SISTE NYTT

Siste nytt