Hopp til innhold

Vil hente ut omkomne i kolgruva

Om få dagar skal redningsarbeidarar for første gong ta seg inn i gruva som eksploderte på New Zealand i fjor haust.

Omkom i gruveulykke på New Zealand

Redningsarbeidarane måtte gi opp å få ut gruvearbeidarane i live, men gjer no eit forsøk på å få ut dei omkomne.

Foto: Ross Setford / Ap

Inngangen til kullgruven Pike River på New Zealand

Inngangen til kolgruva Pike River vart skadd, og ingen har teke seg inn i gruva etter eksplosjonen.

Foto: MARTIN HUNTER / Afp
Statsminister John Key og gruvedirektøren

Statsminister John Key og gruvedirektøren Peter Whitall lovde lenge at dei skulle få henta ut gruvearbeidarane, men har ikkje klart å få dei ut enno.

Foto: HO / Reuters
Ny eksplosjon ved Pike River

Ein ny eksplosjon 1. desember gjorde redningsarbeidet enda vanskelegare.

Foto: HO / Reuters

29 menn omkom då Pike River-gruva i Greymouth eksploderte 19. november i fjor . To menn kom seg ut i live.

Giftig og eksplosiv gass i gruvegangane gjorde at ingen klarte å ta seg inn i gruva for å redde ut dei innesperra gruvearbeidarane.

Nye målingar viser no at gassnivåa er stabile og lave nok til at det er mogleg å oppkonstruere gruveinngangen igjen, skriv nettavisa Stuff.

Dei har som mål å starte arbeidet 27. juni.

Går forsiktig fram

Om gruveinngangen blir klargjort, startar arbeidet med å sende redningsarbeidarar inn i gruva for å hente ut dei omkomne .

– Når gruveinngangen er klar, vil vi gå inn i gruva, 300 meter om gongen, seier John Fisk frå forvaltaren PricewaterhouseCoopers.

Fisk seier det ikkje er sett noko tidsfrist for når dei omkomne skal vere henta ut. Dette vil neppe roe ned familiane til ofra. Dei har uttrykt frustrasjon for at det har teke så lang tid å få sikra gruva.

– Denne sikringsjobben kunne ha vore gjort for tre månader sidan, seier deira talsmann Bernie Monk.

Ifølgje Fisk er det ikkje så lett. Han seier det for berre få veker sidan vart gjort målingar av karbonmonoksid på fem gonger høgare enn maksnivået for når det er trygt å gå inn i gruva.

Stabilt ustabil gass

Når arbeidet er i gang, vil det ta om lag fem dagar å lage dei første 100 metrane.

– Dette blir ein av dei største forseglingane vi har laga, seier han.

Dette nivået er no stabilisert på maksnivået, og det viser ifølgje Fisk at det første sikringsarbeidet har vore vellykka.

No meiner Trevor Watts, som er sjef for redningsarbeidarane, at dei er klare for å fullføre redningsaksjonen og hente ut dei omkomne. Men sjølv om gassnivåa ser bra ut no, åtvarar han om at dei raskt kan endre seg, og at det kan føre til at dei må vente.

– Arbeidsgivar har ansvaret

Men sikkerheitsinspektørar i gruvene på New Zealand blir det ingenting av i denne omgang. Regjeringa har i dag bestemt at dei ikkje vil gjeninnføre ordninga som var avskaffa i 1992, skriv nettavisa Stuff.

Sikkerheitsinspektørane kunne bestemme at alle gruvearbeidarane måtte ut av gruva om dei meinte det ikkje var forsvarleg å vere der. Men sjølv om ein rapport frå mai i år slakta det noverande systemet, seier statsminister John Key at det ikkje blir endringar etter Pike River-ulykka.

Arbeidsminister Kate Wilkinson sa i går at råda ho har fått, viser at slike inspektørar ikkje nødvendigvis vil gjere arbeidet i gruvene sikrare.

– Ansvaret for sikkerheita i gruvene må vere fullstendig lagt på arbeidsgjevarane, seier ho.

Ordninga kan komme til å bli gjeninnført ved eit seinare høve, ifølgje Wilkinson. Ho seier ein kommisjon skal sjå på forslaget, og at dei vil ta dette alvorleg.

Omkomne etter gruveulykka i Greymouth

Bilete av dei omkomne etter gruveulykka heng på ei oppslagstavle i Greymouth.

Foto: Ap

SISTE NYTT

Siste nytt