Hopp til innhold

Leila Bayat sterkt prega av opplevingane i Iran

Leila Bayat, den iranske kvinna som har fortalt at ho vart straffa med 80 piskeslag etter at ho vart utvist frå Noreg, kom til Oslo i dag. Ho er sterkt prega av det ho har opplevd.

Bayat forteller hvordan hun har hatt det i Iran.

VIDEO: Leila Bayat er tilbake i Noreg.

– Eg er glad for å vere tilbake i Noreg, eg kjenner meg trygg her. Men eg er kjempesliten, eg treng tid til å slappe av, seier ho.

NRK møter henne på kontoret til advokaten Preben Kløvfjell. No ventar ho på å treffe sambuaren og resten av familien her i landet. Men ho legg ikkje skjul på at det er vanskeleg å gløyme det urettferdige ho meiner ho opplevde før ho vart sendt tilbake til Iran.

Sikker på pisking

Advokat Preben Kløvfjell har jobbet for å få Leila Bayat tilbake til Norge

Advokat Preben Kløvfjell meiner avslaget på asylsøknaden til Leila Bayat var ein skandale.

Foto: Siri Saugstad / NRK

– Eg var sikker på at eg kom til å bli piska. Eg var trist, kjende meg dårleg, men eg kunne ikkje gjere noko meir. Det er vanskeleg å gløyme smerta. Det er vanskeleg psykisk, seier ho.

Leila Bayat flykte til Noreg frå ein dom på 80 piskeslag i Iran for å ha drukke alkohol. Ho vart ikkje trudd korkje av Utlendingsdirektoratet (UDI) eller Utlendingsnemnda (UNE). 8. mars i år vart ho utvist til Iran.

Den norske ambassaden i Teheran har ifølgje advokat Preben Kløvfjell konkludert med at Leila Bayat snakka sant då ho fortalde norske utlendingsstyresmakter om faren for å bli piska. Dommen ho la ved asylsøknaden sin i 2009 var ekte, og alle dokument ho har lagt fram som bevis på at ho fekk 80 piskeslag då ho kom tilbake til Iran, er også ekte, ifølgje Kløvfjell.

– Stort trykk på UNE

Peder Kløvfjell fortel at han har hatt stort trykk på UNE dei siste vekene, blant anna ved eit søksmål om å få gjort om utvisingsvedtaket.

Leila Bayat etter angivelig pisking

Leila Bayat viser fram ryggen sin etter det ho seier vart piska av iranske styresmakter.

Foto: privat

– Vi har kravd omgjering av tidlegare asyl- og utvisingstiltak, og i forlenginga av det har UNE avgjort at ho skulle kome tilbake til Noreg for å forklare seg. UNE har ikkje grunngitt dette, anna enn å peike på alvoret i saka, seier Kløvfjell.

Han fortel også at dei har hatt eit langt møte på ambassaden, der Leila har fått høve til å forklare seg på nytt etter det som har skjedd og leggje fram ny dokumentasjon.

Preben Kløvfjell gjer det klart at UNE ikkje har teke stilling til om den iranske kvinna skal få asyl, men at dei skal vurdere asylsøknaden på nytt basert på dei siste hendingane.

UNE: Ambassaden meldte at dommen var falsk

– Politikken er lagt opp til at det er å avsløre løgn og få folk ut av landet som gjelder

Samboer i Steinkjer: – Hun var livredd før piskinga

– Ein skandale

Bjørn Lyster i UNE.

Kommunikasjonsdirektør Bjørn Lyster i UNE stadfestar at dei skal vurdere asylsøknaden til Leila Bayat på nytt.

Foto: NRK

Han fortel at det har vore ein krevjande prosess å få henne ut av Iran. Tre advokatar har jobba med det, og dei la lokk på saka for ikkje å auke iranske styresmakter sitt fokus på henne.

– Det er ein skandale at ho ikkje fekk asyl første gongen ho søkte. No må norske styresmakter gjere om den uretten dei har gjort mot Leila og gi henne asyl i Noreg, seier advokaten.

Kommunikasjonsdirektør Bjørn Lyster i UNE stadfestar at Leila Bayat er henta tilbake fordi nemnda skal sjå på saka på nytt.

– Vi fekk eit intervju ambassaden i Iran gjorde med henne søndag for snart to veker sidan. Vi har også gått ein rapport frå ambassaden der dei igjen har sett på ein dom frå 2007, som det i 2010 vart konkludert ikkje var ekte. Når dei har sett på dommen på nytt, har dei

Leila Bayat er tilbake i Norge for å forklare seg om egen asylsak

Leila Bayat kom tilbake til Noreg i dag, sju månader etter at ho vart utvist.

Foto: Siri Saugstad / NRK

ein ny konklusjon, seier Lyster.

Frykter at tvangsutsendte Leila (36) er i stor fare etter at hun viste fram disse bildene

Samboer i Steinkjer: – Hun var livredd før piskinga

Ny behandling

Han presiser at det ikkje er slått fast at dommen er ekte, men når konklusjonen er ein anna enn tidlegare, så må saka behandlast på nytt.

Lyster kan ikkje seie kor lang tid behandlinga vil ta, men at saka er så alvorleg at ho blir prioritert.

– Det er også andre ting som handlar om alt som skal til for å finne ut kva som har skjedd, og kvifor det har skjedd, som ho no kan forklare direkte til oss, avsluttar han.

Stortingsrepresentant Karin Andersen (SV) seier til NRK at ho vil ta denne saka opp i Stortinget, og ho vil krevje ei full gjennomgang både av denne saka og liknande saker. Ho meiner Leyla-saka er eit klart brot på flyktninginstituttet, og at det er nadusynt med betre tryggingsmarginar for asylsøkjarar.

Leila Bayat er tilbake i Norge

SV: Regjeringen må gripe inn etter piskingen av Bayat

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger