Leger uten grenser fryktar uverdige forhold i «den nye Moria-leiren»

LESVOS (NRK): Leger uten grenser ber den norske regjeringa om å evakuere flyktningane og migrantane frå den nedbrente Moria-leiren. Dei meiner den nye leiren som står klar er ei umenneskeleg løysing.

Feltsykehus til Leger uten grensen

Stor kø ved Leger utan grensar klinikken sin i Lesvos når den opnar.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Det er tidleg på morgonen no Leger utan grenser opnar dørene. Ein flaum av desperate menneske prøvar å presse seg inn. Dei får beskjed om å stille seg fint og roleg i kø.

Folk kjem med alle slags plagar. Det er skabb, augebetennelsar, mageproblem. Mange kjem frå krigsherja område og slit psykisk.

Ei mor kjem med ein lapp som viser at ho har høg prioritet. Dottera Fatima gret når ho søv:

– Etter Moria-brannen har ho mareritt, ho skrik om natta og slit med å kontrollere seg sjølv, fortel mor.

Migrantar på Lesvos

Migrantane på Lesvos har hatt vanskelege dagar etter at Moria-leiren brann. Leger uten grenser meiner at ein ny leir er ei umenneskeleg løysing.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Klinikken ligg midt i området som greske styresmakter ynskjer å rydde. I morgontimane i dag vart folk jaga frå ein parkeringsplass utanfor ein Lidl-butikk. Gresk politi starta på jobben med å flytte folk som budde i den nedbrente leiren.

Lesvos

Gresk politi begynte i dag å flytte folk som budde i den nedbrente Moria-leiren. Også den nye leiren skal huse nærmare 13.000 menneske.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Krev evakuering

Migrantane og flyktningane håpa i det lengste på å bli frakta til det greske fastlandet, men styresmaktene ville det annleis. I rekordfart har den greske hæren bygd ein ny «Moria-leir» langs kysten. Og i dag byrja gresk politi å tvinge folk inn i den nye leiren.

Den nye midlertidige leiren på øya Lesvos i Hellas skal ha kapasitet til å huse 8000 mennesker. Moria-leiren hadde o utgangspunktet plass til 2700, men det bodde 12.500 mennesker der da den ble tent på og brant ned.

Den nye midlertidige leiren på øya Lesvos i Hellas skal ha kapasitet til å huse 8000 mennesker. Moria-leiren hadde i utgangspunktet plass til 2700, men det budde 12.500 menneske der då den ble tent på og brann ned.

Leger uten grenser meiner den nye leiren vernar om eit uverdig og umenneskeleg asylsystem. Organisasjonen meiner ein straks må evakuere migrantane og flyktningane til det greske fastlandet, der ein har ein betre infrastruktur i leirane.

Faris al-Vawad, Leger uten grenser

Faris al-Vawad er talsmann for Leger uten grenser på Lesvos. Han fryktar at forholda i den nye leiren skal bli like ille som Moria-leiren.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Folk kan ikkje bli sett i ein ny leir som er heilt lik Moria. Dei må få ein trygg stad å bu. Får dei like forhold som i Moria får ein berre same problem, og traume og spenning som fører til vald. Og ikkje minst veldig, veldig sjuke folk som ikkje får den hjelpa dei treng, seier talsmann Faris al-Vawad for Leger uten grenser Lesvos.

Norsk legeteam i den nye leiren

I «den nye Moria-leiren» er det norske helseteamet i ferd med å etablere seg. Dei vil ikkje tilby akutt psykologisk helsehjelp, men har mellom anna ekspertar på akuttmedisin og jordmødrer.

– Vi løyser det oppdraget vi har fått, og det er å etablere denne klinikken inne i leiren. Hjelpa vi kan tilby her handlar om akuttmedisinske skadar og hjelp til barn og kvinner, seier presseansvarleg Morten Harangen i Norsk medisinsk team (EMT).

Norske helsearbeidarar på plass i Hellas

Norske helsearbeidarar på plass i Hellas. Dei skal tilby hjelp innan akuttmedisin og hjelp til mødre og barn.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Leger uten grenser seier til NRK at dei synest den norske hjelpa er bra på kort sikt. Men meiner at norske styremakter ikkje bør støtte etableringa av ein slik leir viss det viser seg at det blir ei langsiktig løysing.

– Norsk hjelp bør ikkje bli nytta til å byggje opp eit system likt det som har provosert fram denne krisa i utgangspunktet, skriv organisasjonen i eit ope brev til den norske regjeringa og statsminister Erna Solberg.

Vidare legg dei til:

– Brannane i Moria-leiren er eit vitnesbyrd om fortvilinga produsert av eit europeisk system med avskrekking, umenneskeleggjering og neglisjering. Eit liknande system kan ikkje stå opp igjen frå oska.

SISTE NYTT

Siste nytt