Hopp til innhold

Trump skal ha vore sjukare enn han ville innrømme

Pusten til president Donald Trump skal ha vore så dårleg at legane vurderte å kople han til pustemaskin då han var innlagd på sjukehus med covid-19 i oktober.

Trump i bil utenfor sykehuset

President Trump blei skriven ut på eige initiativ frå Walter Reed-sjukehuset etter vel tre døgn.

Foto: Alex Edelman / AFP

Årsaka skal ha vore at oksygenmettinga i blodet hans var så dårleg at legane frykta det verste. Mettinga skal ha vore nede under 90 prosent, noko som er rekna som alvorleg.

Det Kvite hus har ikkje stadfesta opplysningane.

Ifølgje The New York Times har det ikkje tidlegare komme fram kor sjuk presidenten var. Ifølgje avisa hadde Trump (74) pustevanskar og tydelege symptom på lungebetennelse.

Fleire rundar med oksygenfall

Allereie på ettermiddagen den dagen det blei kjent at han var smitta, var symptoma var så urovekkande at det blei bestemt at han skulle leggjast inn på militærsjukehuset Walter Reed i Maryland.

Han fekk oksygenbehandling to gangar i Det kvite huset før han blei frakta til sjukehuset. Der blei han sett på fleire medisiner og fekk meir oksygen.

Symptoma som staben til den tidlegare presidenten oppgav då han blei innlagt, var feber og håsheit i halsen. At han òg hadde fått oksygen, blei først avslørt i media seinare.

Dei nye detaljane, og kunnskapen om dei anstrengingane staben i Det kvite huset gjekk til for å skaffe han tilgang til eksperimentell medisin, viser eit langt større alvor enn tidlegare.

Trump og kona Melania blei begge smitta, og meldte frå om det på Twitter 2. oktober. Ingen av dei har opplyst om når dei hadde testa positivt.

Sprikande frå legane

Presidenten har aldri innrømt at han var alvorleg sjuk, og rådgjevarane og legane hans har tona ned alvoret.

Meldingane frå sjukehuset og frå staben i Det kvite huset var heile vegen sprikande.

Medan Trump var innlagd på sjukehuset, sa den personlege legen hans, Sean Conley, at presidenten var undersøkt med CT og røntgen, men at det «ikkje var gjort uventa funn». Han gav ikkje fleire detaljar.

Trumps legelag ga en oppdatering om presidentens helsetilstand.

Sean Conley tona ned alvoret då han informerte om presidenten sin helse utanfor sjukehuset 4. oktober.

Foto: Jacquelyn Martin / AP

Kjelder seier til New York Times at Trump først nekta å dra til sjukehuset. Man at han blei overtydd då rådgjevarane hans sa at han hadde valet mellom å gå sjølv ut til helikopteret etter å vente til livvaktene måtte bere han ut.

Etter at han blei utskriven, råda Trump alle som var redde for å bli smitta, til ikkje å la koronaviruset dominere liva deira.

– Ikkje vær redd for covid. Ikkje la det dominere livet ditt, skreiv Trump på Twitter. Vidare skreiv han at han følte seg betre enn han hadde gjort for 20 år sidan.

Hemmeleg sjukehus-journal

Då han var sjuk, fekk Trump fleire nye, kraftfulle legemiddel, mellom anna ein antistoff-cocktail frå Regeneron, steroidar, Remdesivir og ein kur med Dexamethasone. Han roste dei nye medisinene i ettertid. Journalen hans er ikkje gjort kjent. Det er heller ikkje den fulle lista over medisinane han fekk.

Donald Trump på vei ut av Walter Reed-sykehuset

Trump gjekk sjølv ut av sjukehuset i Bethesda måndag 5. oktober.

Foto: Evan Vucci / AP/NTB

I dagane og vekene etter at det blei kjent at Trump-paret var smitta, kom det fram at ei mengd tilsette og gjestar i presidentbustaden var blitt smitta på fleire store arrangement der deltakarane ikkje hadde brukt munnbind eller heldt avstand.

Det har aldri vore stadfesta når den tidlegare presidenten blei smitta, og om han hadde testa positivt då han møtte utfordraren Joe Biden til presidentdebatt 29. september.

PRESISERING: Artikkelen frå New York Times byggjer på anonyme kjelder. NRK har derfor tatt fleire atterhald i ein ny versjon av artikkelen.

SISTE NYTT

Siste nytt