FBI stadfestar at liket er identifisert via tannopplysningar. Laundrie har vore ettersøkt av politiet etter at kjærasten hans, Gabby Petito, vart funnen død 19. september etter å ha vore sakna i ei veke.
Brian Laundrie (23) har vore ettersøkt av politiet sidan han forsvann frå heimen til foreldra, ikkje lenge etter at Petito vart meld sakna 11. september.
Onsdag melde politiet i Florida at dei hadde funne «gjenstandar» i ein park i Florida der dei søkte etter Laundrie.
FUNNSTADEN: Området der leivningane etter Brian Laundrie vart funne i Florida er sperra av
Foto: MARK TAYLOR / AFPVart kvelt til døde
Forsvinninga vakte stor merksemd i USA. Alt tidleg i etterforskinga kalla politiet Laundrie for «ein person av interesse» i saka.
Gabrielle «Gabby» Petito (22) vart funnen død 19. september i nærleiken av området der paret sist vart sett saman i Bridger-Teton National Forest i delstaten Wyoming. Obduksjonen skal ha vist at Petito døydde av kveling.
GRÅTANDE: Ein video frå politiet viser ei gråtande Gabby Petito.
Foto: Politvideo / APPolitivideo viste konflikt
Ein video som var spelt inn under ein politikontroll mindre enn ein månad før forsvinninga, viser ein gråtande Petito i bubilen dei reiste rundt i.
Opptaket frå 12. august vart offentleggjort av politiet og var frå ein situasjon der paret vart stoppa langs vegen.
I videoen kom det fram at paret hadde krangla i bilen, og at Brian Laundrie hadde kloremerke både i ansiktet og på armane.
Petito skal ha forklart krangelen med «psykiske utfordringar» og at den dreidde seg om personlege problem, ifølgje AP.
Likevel skal begge ha sagt til politiet at dei var «forelska, forlova og ikkje ønskte at nokon vart sikta for noko kriminelt».
Petito var ein kjend Instagram-profil som ofte delte bilde og videoar frå reisene sine.
Gabby Petito, bilde frå Instagram-profilen hennar, som politiet offentleggjorde då ho vart meld sakna.
Foto: AP