Hopp til innhold

Lars Røkke Rasmussen gir opp å danne fleirtalsregjering

Venstre-leiar Lars Røkke Rasmusen seier han gir opp forsøket på å danne ei blå fleirtalsregjering med Dansk Folkeparti, Liberal Alliance og De Konservative.

Lars Løkke Rasmussen har fått opdrag med å danne regjering i Danmark

Lars Løkke Rasmussen seier at han gir opp forsøket på å få til ei borgarleg fleirtalsregjering.

Foto: SCANPIX DENMARK / Reuters

– Det let seg ikkje gjere å etablere ei fleirtalsregjering. eg fekk oppdraget å sjå på sjansane for å danne ei fleirtalsregjering, og eg har jobba lojalt med dette. Men det var ikkje mogleg, seier Lars Løkke Rasmussen i ettermiddag.

Politiske observatørar i Danmark er ikkje overraska over dette. På førehand var det få som trudde han ville lukkast å få til ei slik samlingsregjering, og no har han altså gitt opp. Dette skjer etter forhandlingar med dei tre andre partia gjennom helga.

Ny dronningrunde

No står ein ny såkalla dronningrunde for tur. Venstre-leiaren kjem til å varsle dronning Margrethe om at han har gitt opp forsøket på å få til ei fleirtalsregjering. Då vil dronninga truleg be Lars Løkke Rasmussen om å prøve å få i stand ein annan regjeringskonstellasjon.

Lars Løkke Rasmussens Venstre gjorde eit heller dårleg val, medan Dansk Folkeparti var valets store sigerherre.

Venstre-leiaren seier i ettermiddag at det er ei positiv stemning blant alle partia i Folketinget om eit breitt samarbeid. Han meiner også at ei fleirtalsregjering med dei fire borgarlege partia truleg ville ha fått eit svært snevert handlingsrom.

Tap og vinn med ulikt spinn

– Kan danne regjering åleine

Dansk TV2s politiske redaktør Anders Langballe trur at Venstre kan kome til å danne ei mindretalsregjering åleine.

– Etter å ha snakka med sentrale kjelder i Venstre og Dansk Folkeparti, synest eg det verkar som om Dansk Folkeparti rett og slett fryktar å skulle gå inn og ta regjeringsansvar, seier han til Ritzau/NTB.

Harde forhandlinger før ny Løkke-regjering er klar

Spillet i gang om ny dansk regjering

Partileiar Anders Samuelsen i Liberal Alliance seier at han er klar til å gå inn i regjering, om sjansen skulle by seg. Partiet fekk 7,5 prosent av røystene og 13 mandat i Folketinget.

Liberal Alliance er sterkt usamd med det innvandringskritiske Dansk Folkeparti både om økonomisk politikk og innvandringspolitikk.

SISTE NYTT

Siste nytt