NRK Meny
Normal

Lanserer ny verdsbank i Shanghai

Dei fem stormaktene i BRICS vart i dag einige om å lansere ein ny verdsvid bank, og at hovudkvarteret skal ligge i Kina. Den nye banken skal vere eit alternativ til Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet.

BRAZIL-BRICS-MODI-PUTIN-ZUMA

Russlands president Vladimir Putin (til venstre) vart til slutt einig med kollegaene Narendra Modi frå India (i midten) og Jacob Zuma (til høgre), og stiftar no ein ny verdsbank. Kinas president Xi Jinping og Brasils Dilma Rousseff er skjulte.

Foto: YASUYOSHI CHIBA / Afp

BRICS-SUMMIT/ Brazil's President Rousseff and China's President Xi arrive to pose for a group picture during the VI BRICS Summit in Fortaleza

Brasils president Dilma Rousseff (til venstre) reiste rett frå VM-finalen i fotball og var vertskap for BRICS-møtet i Brasil. Her saman med Kinas president XI Jinping.

Foto: PAULO WHITAKER / Reuters
Shanghai

Her i Shanghai skal hovudkvarteret til den nye BRICS-banken ligge.

Foto: Løvland, Marianne / NTB scanpix

Namnet BRICS står for Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika, og saman utgjer grupperinga dei fem framveksande stormakter i den globale økonomien. Etter to år med forhandlingar vart dei i dag einige om å etablere ein eigen verdsbank, og hovudkvarteret blir å finne i Shanghai.

Skal fordele utgiftene likt

Den første presidenten av banken skal vere frå India, heiter det i eit rundskriv som er sendt ut under eit BRICS-toppmøte i Brasil.

BRICS-landa har vore i lange forhandlingar om korleis banken skal etablerast, og eit særskild omdiskutert punkt har vore kor mykje dei enkelte landa skal bidra med som kapital. Kina sin økonomi er større enn dei fire andre økonomiane til saman, og fleire meinte difor at dei også måtte bidra.

Brasils president Dilma Rousseff sa i dag, ifølgje nyheitsbyrået Reuters, at banken skal starte opp med ein kapital på 309 milliardar kroner, og utgiftene skal bli likt fordelt mellom dei fem landa.

BRICS lanserte også eit krisefond på 618 milliardar som skal hjelpe land med kortsiktige likviditetsproblem.

– BRICS-banken og krisefondet er viktige skritt mot å omstrukturere den globale finansielle strukturen, sa Rousseff under møtet.

Alternativ for utviklingsland

Banken har sett seg mål om å kunne tilby utviklingsland finansiering, og fungere som eit alternativ til dei etablerte institusjonane Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet. Desse to institusjonane har i lang tid vore dominert av Europa og USA.

Mange utviklingsland meiner at dei to finansinstitusjonane har vore altfor strenge i sine krav, og at utviklingslanda sjølve har hatt altfor lite å seie når det gjeld å vedtak om nye lovar og reglar.

Det er venta at banken vil gi sitt første lån innan 2016, og banken er eit stort skritt i retning av eit solid samarbeid mellom dei fem verdsmaktene.

På BRICS-toppmøtet vart også andre tema diskutert, og Russlands president, Vladimir Putin, lanserte eit forslag om å etablere eit energisamarbeid, som vil innebere at dei fem landa har tilgang på drivstofflager. Dette ville sikre energitilgang for dei framveksande statane, meinte Putin.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt