Hopp til innhold

Langa ut mot EU og Labour

Den britiske statsministeren David Cameron sparte ikkje på krutet i sin tale til det konservative landsmøtet.

David Cameron held tale på landsmøtet

KRITISK TIL EU: David Cameron heldt onsdag sin tale til det konservative partiet sitt landsmøte.

Foto: SUZANNE PLUNKETT / Reuters

– Dette er Storbritannia. Vi skuggar ikkje unna kampar, vi fiksar problem! Det er difor vi beheldt pundet. Vi gjer ting på vår måte! sa Cameron til stor applaus frå dei konservative under landsmøtetalen i Manchester onsdag.

EU er eit betent tema for det konservative partiet. Cameron har valt ein midtposisjon mellom tilhengarar og skeptikarar, og har lova å forhandle fram ein betre posisjon for Storbritannia, som han håpar vil føre til at det britiske folk i 2017 stemmer for framleis medlemskap.

– Då vi vart med i EU vart vi førespegla ein felles marknad, ikkje ein stadig tettare union. Storbritannia er ikkje interessert i ein stadig tettare union, og det vil vi kjempe mot!

– Det er vi som kjempar for dei fattige

Jeremy Corbyn feirer

KRITISERTE CORBYN: Cameron var ikkje nådig med Jeremy Corbyn, nyvalt leiar i Labour.

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

Vidare gjorde han regelrett narr av den økonomiske politikken til opposisjonspartiet Labour, og hevda at det er dei konservative som er partiet for arbeidarane, og at det er dei som gjer mest for dei fattige. Han sa at Labour-politikken skadar dei fattige og at ein må «redde landet frå Labour-faren».

Om den nye venstreradikale leiaren i Labour, Jeremy Corbyn, hadde han berre ein ting å sei:

– Han meiner Osama bin Laden sin død var ein tragedie. Vi kan ikkje la denne mannen påføre sin tryggleikstrugande, terroristsympatiserande, Storbritannia-hatande ideologi på dette landet vi elskar.

Statsminister og partileiar David Cameron talar til det konservative partiet sitt landsmøte

Video: Statsminister og partileiar David Cameron talar til det konservative partiet sitt landsmøte

Vil kjempe mot diskriminering

Etter ein del om terrortrusselen og flyktningkrisa, der han stadfesta tidlegare fråsegn om å støtte USA i kampen mot terroristane og å heller hjelpe flyktningane i nærområda enn å ta inn fleire i Storbritannia, var det fattigdom og sosiale problem som fekk mest merksemd frå statsministeren. Han nemner skulereform, fengselsreform og fleire sosiale bustader som tiltak frå regjeringa.

George Osborne og Sajid Javid

REGJERINGSKOLLEGAER: Finansminister George Osborn og Sajid Javid, statssekretær.

Foto: SUZANNE PLUNKETT / Reuters

– Vi treng ikkje berre ein sterkare økonomi, men eit sterkare samfunn.

Han snakka om rasisme som ein av årsakene til framveksten av ekstremisme på heimebane, og sa at han vil jobbe for å kjempe mot diskriminering. Og hylla samstundes det britiske multikulturelle samfunnet – der han kunne dra fram fleire døme frå regjeringa sine rekker.

SISTE NYTT

Siste nytt