NRK Meny
Normal

Lånegivarane til Hellas er einige om reformkrav

EU, Den europeiske sentralbanken og Det internasjonale pengefondet er einige om villkåra i ein reformplan for Hellas, ifølgje ei kjelde i Brussel.

Gresk flagg og EU-flagg
Foto: ARIS MESSINIS / Afp

Utkastet vart klart etter at tyske og greske leiarar møtte sjefane for dei tre institusjonane til krisesamtalar måndag.

Merkel Hollande

Angela Merkel, Francois Hollande, IMF, EU og ESB har sete i krisesamtalar for å finne ei løysing for Hellas

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Statsminister i Tyskland, Angela Merkel og president i Frankrike, François Hollande pressa troikaen til å legge til side sine eigne usemjer og konsentrere seg om å finne ei løysing for Hellas.

Det er ikkje klart om regjeringa i Aten kjem til å godta planen til kreditorane, som inneber at Hellas må gjennomføre omfattande reformer i bytte mot fleire kriselånutbetalingar.

Statsminister Alexis Tsipras har alt sendt ein eigen reformplan til kreditorane.

– Vi har lagt fram ein realistisk plan. Dersom dei godtek den, vil det markere slutten på situasjonen med splitting i Europa. Det er no klart at det er opp til dei om dei vil omstille seg til realisme, sa Tsipras.

Alexis Tsipras

Statminister i Hellas, Alexis Tsipras seier dei alt har sendt ein eigen reformplan til kreditorane. Det byrjar å haste for Hellas no.

Foto: ALKIS KONSTANTINIDIS / Reuters

Må verte einige før juli

Heilt sidan den venstreradikale regjeringa kom til makta i januar har den forsøkt å forhandle seg ut av økonomiske innsparingar og forplikting utan hell.

No er tida i ferd med å renne ut.

Innan utgangen av juni må landet bli einige med kreditorane for å få kriselånet på 7,2 milliardar euro eller over 60 millliardar kroner. Pengane blir utbetalt mot reformer. Men partane står framleis langt frå kvarandre.

Sniglefart

Fire månaders forhandlingar har berre ført til at kreditorane har gått lei og at grekarane er i ferd med å gå tomme for pengar. Dei andre eurolanda har ei rekke gonger bedt grekarane om få opp farta.

Medan den venstreorienterte regjeringa i Aten har lovd veljarane å stanse dei hardaste kutta har kreditorane sagt at det er uaktuelt å lempe på krava om reformer. Utspela er mange, og det einaste sikre er at det er usikkert kva som vil skje.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt