Hopp til innhold

Lågare mørketal og færre valdtekter i Danmark: – Tek kvinnene på alvor

Dei registrerte valdtektene er truleg berre toppen av isfjellet i Noreg. I Danmark derimot, er mørketala så godt som fråverande, ifølgje dansk politi.

Video Dansk politi om valdtekter og mørketal

Meir kunnskap om korleis ein skal møta og følgja opp eit valdtektsoffer har vore ein viktig faktor til at mange fleire politimelder valdtekter i Danmark no enn før, seier Jens Møller Jensen, avdelingssjef ved politiet i København, Danmark.

– Eg er overbevist om at danske kvinner som har vorte utsette for valdtekt, melder valdtekten til politiet, seier Jens Møller Jensen, avdelingssjef ved politiet i København i Danmark.

I Noreg, som no er råka av ei valdtektsbølgje, er politiet skråsikre på det motsette: at mørketala er høge.

– Me tek kvinnene på alvor

Hittil i år er det registrert 48 fullbyrda og forsøk på overfallsvaldtekter i Oslo - dobbelt så mange som i fjor på same tid.

Justisdepartmentet forklarer den kraftige auken med at dei har hatt eit sterkt fokus på valdtekter, noko som har resultert i at fleire går til politiet.

Men i København har dei både færre overfallsvaldtekter og lågare mørketal enn i Oslo - trass i at folketalet er det doble.

I Noreg melder ein av ti valdtektsoffer frå til politiet. I Sverige er talet ein til to av ti, medan ein av fire politimelder valdtekten i Danmark, ifølgje tal frå Justisdepartementet (2008).

Møller Jensen i København-politiet meiner mørketala i Danmark no er langt lågare, og i hovudsak knytt til prostitusjonsmiljøet.

– Me tek kvinnene på alvor, og gjer fleire ting for at dei skal kunne kjenna seg trygge og at det ikkje skal vera ein distanse til politiet, seier han.

Video Synlig politi gjør jentene trygge i København

SJÅ VIDEO: Synleg politi gjer jentene trygge i København (innslag i Dagsrevyen 21 den 27.10.2011).

Skam, frykt og mistillit

Berre 50 prosent av dei som oppsøkjer valdtektsmottaket i Oslo for overfallsvaldtekt eller forsøk på dette, melder forholdet til politiet.

I tillegg er det eit ukjent tal som korkje går til valdtektsmottaket eller til politiet.

Årsakene til at mange valdtektsoffer i Noreg vel å halda politiet utanfor, er mange og samansette, viser ei kartlegging gjort på bestilling frå Justisdepartmentet:

  • Nær relasjon til gjerningsmannen (ikkje overfall)
  • Skam og skuldkjensle hjå offeret
  • Manglande tillit til eller mangelfull kunnskap om politiet og andre offentlege styresmakter ( bl.a. låg oppklaringsprosent og liten kunnskap om krisetilbod og hjelpetenester)
  • Frykt for negative konsekvensar ( redsel for å bli mistrudde under og etter politiavhøyr og medisinsk undersøking )

– Politiet er ikkje ein terskel

Politi Møller Jensen seier det minst må vera ti år sidan danske kvinner opplevde møtet med politiet som ein terskel for å melda ein valdtekt til politiet.

Meir kunnskap om korleis ein skal møta og følgja opp eit valdtektsoffer har vore ein viktig faktor til at mange fleire politimelder valdtekter i Danmark no enn før, seier han.

Politiet som handsamar valdtektssaker må stilla spørsmål som blir oppfatta som svært private og krenkjande av offeret. Møller Jensen fortel at dansk politi har blitt langt betre til å handtera denne situasjonen.

– Valdtektsoffera skal ikkje bli møtt av store, sterke menn i uniform når dei sit der og gret. Dei skal få møta kvinnelege politibetjentar som kan vera med dei i starten, seier han.

– Kompetanseheving vil gi lågare mørketal

Herdis R. Magerøy

Herdis R. Magerøy ved DIXI ressurssenter for valdtekne meiner kompetanseheving i politi og helsevesen ville fått fleire til å politimelda valdtekter.

Foto: NRK

Leiaren i DIXI ressurssenter for valdtekne i Noreg, Herdis Magerøy, meiner valdtektsoffer får ei langt betre mottaking og oppfølging i Danmark og Sverige enn i Noreg.

Ho meiner kompetanseheving i politi og helsevesen er naudsynt for å få mørketala ned.

– Me må sikra god kompetanse hjå politiet og i hjelpeapparatet, slik at valdtektsoffera torer å ta kontakt, og for at dei skal vera sikre på at dei blir tekne imot på ein god måte.

– Det ville definitivt ha bidrege til å få ned mørketala, meiner Magerøy.

Hanne Kristin

Hanne Kristin Rohde er sjef for vald- og sedskapsseksjonen i Oslo. Ho seier det er fleire ting enn frykt for politi og rettsvesen som fører til at kvinner kvir seg for å melda frå om valdtekter.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX
Norsk politi: – Kan alltid bli betre

Politiinspektør og sjef for vald- og sedskapsseksjonen i Oslo, Hanne Kristin Rohde meiner det er mange andre ting enn frykt for kva politiet og rettsvesenet vil utsetja dei for, som får valdtektsoffer til å kvi seg for å gå til politiet.

– Det er ein vanskeleg prosess å få dei til å orka å gå rettens veg etter å ha vorte utsette for sitt livs mareritt. Mørketal-problemet er veldig samansett, seier Rohde.

Politiinspektøren understrekar at politiet, uavhengig av resultata i Danmark eller andre land, er audmjuke på at dei alltid kan bli betre.

– Kanskje kan me forbetra måten me i dag tek imot og følgjer opp valdtektsoffer på, men valdtektsproblematikken er eit felles samfunnsansvar. Ikkje alt peikar mot politiet, seier Rohde.

Er møtet med politiet likevel ein terskel som hindrar mange i å melda frå etter ein valdtekt?

– Eg håpar ikkje det. Det er det dei valdtekne som best kan svara på. Me oppfordrar dei til å gå til valdtektsmottaka først. Der kan dei få fysisk og psykisk hjelp og tre timar gratis rettshjelp. Då kan dei også få informasjon frå ein advokat om kva som ventar dei dersom dei vel å gå til politiet, seier Rohde.

Trondheim einaste by med støttesenter

I Danmark får offeret tilbod om bistandsadvokat og blir raskt teke med til eit spesialsenter for valdtektsoffer.

– Der får dei snakka med profesjonelt fagpersonell som er hundre prosent inne i korleis ein omgås kvinner som har vorte valdtekne, fortel den danske politimannen Møller Jensen.

I Noreg er Trondheim den einaste byen som tilbyr fagleg oppfølging av alle som melder frå om valdtekt.

Politistasjonen i Trondheim har sidan 2004 hatt eit eige støttesenter på politihuset, der valdtektsoffer kan få hjelp og støtte gjennom heile straffeprosessen.

Mål om lågare terskel

– Dette behandlingsapparatet er unikt i Noreg, fordi det er knytta til seksuelle overgrep primært. Andre stader i Noreg må valdtektsoffera få hjelp i det ordinære helsevesenet i etterkant av overgrepet, seier leiaren for senteret, Hanne Haugen.

På støttesenteret, som er eit spleiseprosjekt mellom Trondheim kommune og Sør-Trøndelag politidistrikt, har dei spesialkompetanse til bearbeiding og oppfølging i samband med valdtektssaker.

– Intensjonen er å seinka terskelen inn til politiet og til hjelpeapparatet. Eg tykkjer det er veldig rart at ein ikkje har fått slike senter på politistasjonar i andre byar også, meiner Haugen.

SISTE NYTT

Siste nytt