Hopp til innhold

Lærer opp Europas neste diktator

Kviterussland sin autoritære president, Aleksandr Lukasjenko, førebur sin sju år gamle son til å ta over makta.

Lukashenko chavez

Aleksandr Lukasjenko og Kolja på besøk hos Venezuelas president Hugo Chavez.

Foto: Juan Barreto / Afp

Førre veke var Lukasjenko på besøk hos Hugo Chavez i Venezuela, ein av sine få utanlandske støttespelarar.

Med seg hadde han sjuåringen Nikolaj Lukasjenko, eller Kolja, som han blir kalla, som er den yngste av Lukasjenkos tre søner.

I sin tale sa Lukasjenko at han er viss på at forholdet mellom landa kjem til å vere like godt om 25 år fordi han veit kven som skal overta ansvaret for det.

– Du har heilt rett i å leggje merke til at sonen min er her med oss. Dette viser at me har lagt grunnlaget for eit samarbeid, og at det i løpet av 20 til 25 års tid kjem til å vere nokon til å overta tøylane i dette samarbeidet, sa Lukasjenko, skriv The Independent.

(Saka held fram)

Lukashenko Chavez

Pjokken er eit naturleg midtpunkt på ofisielle besøk.

Foto: Ariana Cubillos / Ap

«Tronarving»

Dette kom nok ikkje som noko overasking på det kviterussiske folk. Kolja er «augesteinen» til Lukasjenko, og er ofte med på ofisielle oppdrag.

Men mange ser på utsegna som ei stadfesting på at Kolja er Kviterussland sin «tronarving».

Bærer rundt på ein gullpistol

Lukasjenko har to vaksne søner frå sitt einaste ofisielle ekteskap. Han er separert frå kona, som visstnok skal bu på ein gard på landet i Kviterussland.

Identiteten til Kolja sin mor er ikkje kjent, og spekulasjonane om kven det kan vere er mange.

Det går også mange vandrehistorier om at guten har eit temperament, og allereie oppfører seg som ein mini-diktator.

Generalar er visstnok pålagde å helse på han når han blir paradert rundt på militære tilstelningar, og han ber med seg ein gullpistol innunder dressen.

Ikkje velkomen

Lukasjenko blir kalla «den siste diktatoren i Europa», og er ikkje velkomen i dei fleste europeiske land.

Han har vore president i den tidelgare Sovjetrepublikken sidan 1994, og vart gjenvalt i 2010. Eit val prega av valfusk, ifølge dei fleste observatørar.

I etterkant vart demonstrasjonar slegne hardt ned på, og oposisjonelle fengsla. Hovudmotstandaren Andrei Sannikov vart berre nyleg lauslaten frå fengsel.

Det er dette eksempelet Lukasjenko set for vesle Kolja. Ein skal tidleg krøkjast ...

Hviterussland Lukashenko

Kolja og Aleksandr Lukasjenko feirer sjølvstendedagen til Kviterussland, 3. juli 2012.

Foto: Nikolai Petrov / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt