Fire FN-køyretøy drog til det statlege laboratoriet som ligg i Dora-området sør for Bagdad.
Ei gruppe frå Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) køyrde til fabrikken al-Nasser, 25 kilometer nord for hovudstaden.
Fleire tital bilar med journalistar la seg på hjul etter FN-køyretøya, men blei hindra av irakiske vakter i å kome inn på områda som skulle undersøkjast.
Etter fire års avbrot blei våpeninspeksjonane i Irak gjenopptekne i går.
Tre nordmenn klare
Tre norske ekspertar på atomvåpen er plukka ut og står klare til å reise til Irak som inspektørar.
Dei kan vere på plass alt i desember, skriv Dagbladet.
Avisa skriv at det gjeld tre personar med kjennskap til kjernereaktorar, kjernevåpen og måling av stråling.
Truleg står også ytterlegare fem norske ekspertar på lista til Hans Blix, leiaren for FN-inspektørane.
Desse kan bli kalla inn for å sjå etter kjemiske våpen i Irak.
Hemmeleg
Namna på dei norske våpeninspektørane blir haldne hemmeleg av tryggingsgrunner. Først i det dei dreg til Irak, vil dei bli offentliggjorde.
Noreg skal ifølgje Dagbladet bidra til to grupper av FN-inspektører i Irak.
Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) har bede den norske regjeringa om å stille med norske ekspertar på atomvåpen. Statens strålevern er bede om å finne dei kvalifiserte.
- Vi blei bedne om å kome med namn, og nokon frå oss og nokon utanfrå står på lista, seier direktør i Statens strålevern Ole Harbitz.
Dagbladet skriv at fem personar har vore på kurs i USA og Canada for å vidareutdanne seg om kjemiske våpen, analysemetodar og konvensjonar om kjemiske våpen.