NRK Meny
Normal

Kvinne lynsja av rasande mobb i Kabul

Ei mentalt sjuk kvinne vart lynsja og sett fyr på av ei rasande folkemengd på fleire tusen personar i sentrum av den afghanske hovudstaden Kabul i dag. Kvinna vart skulda for å ha sett fyr på eit eksemplar av Koranen.

Laster kart, vennligst vent...

Det var i dette området av Kabul at lynsjinga skjedde torsdag.

Sjefen for kriminalpolitiet i Kabul, general Farid Afzali, seier til nyheitsbyrået AFP at ei kvinne sette fyr på eit eksemplar av koranen i nabolaget Shahi Doshamshira. Etter at kvinna var banka til døde, sette folkemengda fyr på liket og kasta det i den gråskitne Kabul-elva.

Politiet opplyser at dei prøvde å roe ned folkemengda, som talde fleire tusen menneske, men at det ikkje var mogleg.

Psykisk sjukdom

Foreldra til den lynsja kvinna har fortalt til politiet at dottera i fleire år har vore psykisk sjuk, og at ho heilt sikkert ikkje brende Koranen med vilje.

Den lokale fjernsynskanalen 1TV har i kveld vist bilete på sine nettsider av det som truleg er området der lynsjinga skjedde like etterpå. Her blir det stadfesta at kvinna vart lynsja fordi ho hadde sett fyr på sider frå Koranen.

Det afghanske innanriksdepartementet opplyser på Twitter at fire personar er arresterte i samband med drapet.

Menneskerettsgrupper i Kabul har reist spørsmålet om politiet gjorde nok for å hindre drapet på kvinna.

Fem drepne og 20 skadde i koran-protest

– Død over Amerika

– Internasjonal gransking

– Eg får inderleg håpe at styresmaktene vil prøve å arrestere og tiltale alle som var involverte i lynsjinga. Vi ber også om ei internasjonal gransking av om politiet sin reaksjon på det som skjedde stod i forhold til det som alvoret i saka, seier Heather Barr i Human Rights Watch i Asia.

Ein FN-rapport frå 2013 slår fast at vald mot kvinner er eit stort problem i Afghanistan, over eit tiår etter at Taliban vart kasta for makta. Vald mot kvinner blir i hovudsak ikkje meldt til politiet, spesielt på landsbygda.

Angrepet i dag skjedde i eit tett folkesett område av Kabul, ikkje langt frå sentrum.

Minst 50 drept på volleyballkamp

Angrepet nær den norske ambassaden slått tilbake

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt