Hopp til innhold

Kvinne funnen i 25 meter djupt gruvehol – politiet etterforskar saka

Svensk politi har sett i gang etterforsking etter at ei kvinne blei funnen i botnen av ei 25 djup gruvesjakt.

SJÅ VIDEO: Videoen er filma frå den svenske flyredningssentralen. Dei seier det var utfordrande å frakta kvinna opp frå gruvesjakta.

Fredag ettermiddag blei politi og redningsteneste varsla av ein forbipasserande som høyrde ei kvinne ropa om hjelp frå ei gruvesjakt i eit skogholt i Sverige.

– Det viste seg at det låg ei kvinne på botnen ca. 25 meter ned, seier Lars Johansson ved Södra Dalarnas Räddningstjänstförbund til nyheitsbyrået TT.

Utfordrande

Den svenske avisa Expressen skriv at redningstenesta var på staden berre minutt etter politiet blei varsla.

To personar frå den kommunale redningstenesta fira seg ned til kvinna for å kartleggja skadeomfanget.

Dei kunne fort konstatera at det ville bli ei stor utfordring med å få kvinna opp då holet var fem til ti meter i diameter og 25 meter djupt. Den svenske flyredningssentralen blei difor bedne om å hjelpe til med helikopter, skriv Sjöfartsverkets Sjö- och flygräddningscentral JRCC i eit innlegg på Facebook.

– Det var ei stor utfordring for mannskapet då det tronge holet både var djupt, mørkt og omringa av høge tre. I tillegg var det uklart kor hardt skadd personen var, skriv dei.

Ein redningsperson frå helikopteret blei heist ned. Deretter ambulansepersonell. Redningsaksjonen tok ca. tre timar.

Kvinna blei frakta til sjukehus.

– Ho var medviten, men hadde smerter, seier Johansson ifølgje Expressen.

Kvinne reddet opp av 25 meter dypt hull i Sverige

Av dette holet blei kvinna redda opp. Aftonbladet skriv at det er mogleg at kvinna kan ha vore der lenge.

Foto: Sjöfartsverkets Sjö- och flygräddningscentral JRCC / NTB

Starta etterforsking

– Då politiet blei kjent med saka, oppstod det mistankar om at kvinna var utsett for lovbrot. Det er difor sett i gang etterforsking, skriv politiet i ei pressemelding laurdag.

Politiet skriv vidare at dei ikkje har ytterlegare informasjon om saka då dei er på eit tidleg stadium i etterforskinga.

Samstundes skriv avisa Aftonbladet at kvinna skal ha blitt dytta ned i holet og blitt forlaten der. Avisa skriv vidare det blir antatt at kvinna skal ha vore der lenge. Ifølgje Aftonbladet er skadeomfanget til kvinna uklart, men ho skal ha vore sterkt nedkjølt då ho blei funnen.

«Politiet etterforskar hendinga som eit drapsforsøk», hevdar Aftonbladet som også opplyser at politiet jaktar på ein person som er mistenkt for handlinga.

Opplysningane til Aftonbladet er ikkje stadfesta av politiet.

Nedlagt gruve

Gruvesjakta ligg i eit skogholt i Norberg i Midt-Sverige. Ifølgje Aftonbladet blei verksemda ved gruva lagt ned i 1948.

Området blir beskrive som vanskeleg å koma seg til.

– Det er nokre gamle industriruinar, gruvehol og skog. Der er også treningsløyper som folk nyttar, seier Patrik Vedholm, styreleiar i Bergslagen Action Förening som held aktivitetar i området til Expressen.

Dei fleste hola har gjerde rundt seg, men gjerdet rundt dette holet skal ha blitt tråkka ned, ifølgje Expressen sine opplysningar. Dei skriv samstundes at det ikkje er kjent om dette har vore tilfellet over lengre tid.

Kvinna blei funnen i ei gruvesjakt i Norberg i Sverige.