Hopp til innhold

Kvart minutt blir 24 menneske drivne på flukt

24 menneske blir drivne på flukt frå heimane sine kvart minutt i døgnet året rundt. Halvparten av dei er born. Ved utgangen av 2015 var 65 millionar menneske på flukt, og det er ei fordobling på under 20 år.

Flyktningar på grensa mellom Hellas og Makedonia.

Born utgjer ein vesentleg del av flyktningane i verda. Her frå grenseområdet mellom Hellas og Makedonia.

Foto: SAKIS MITROLIDIS / Afp

Flyktningsituasjonen i verda blir verre år for år. Dette går fram av årsrapporten for 2015 frå FNs flyktningbyrå, UNHCR, som vart offentleggjort i dag. Og det er ikkje lysteleg lesing.

Kvart 113. menneske på jorda er på flukt. Om det var eit land ville det vere det 21. største landet verda. Det er fleire menneske på flukt i verda enn det er innbyggjarar i Storbritannia. Av dei 65 millionar menneska som er på flukt, så er 40 millionar av dei flyktningar i eige land.

Les heile rapporten her

Syria, Afghanistan og Somalia

Flyktningleir i Sør-Libanon.

UNHCR delar ut mat i ein leir for syriske flyktningar i Sør-Libanon. Libanon er det landet i verda som har teke mot flest flyktningar i forhold til folketalet.

Foto: MAHMOUD ZAYYAT / Afp

12,4 millionar nye menneske kom inn i statistikken i løpet av 2015.

44 prosent av alle flyktningar i verda kjem frå tre land, Syria, Afghanistan og Somalia

FNs generalsekretær Ban Ki-moon seier det slik:

– Vi har i dag den verste flyktningkrisa i vår tid. Det er viktig å tenkje på at dette ikkje berre ei krise som handlar om høge tal, men at det også er ei solidaritetskrise, seier han.

Born under 18 år utgjorde 51 prosent av flyktningane i 2015. Til samanlikning var talet 41 prosent i 2009.

98.400 born, som var på flukt utan foreldre eller andre føresette, søkte asyl i 78 ulike land. I hovudsak kjem desse borna frå Afghanistan, Sudan, Somalia og Den sentralafrikanske republikk.

Flyktningar ved Lesbos i Hellas.

Tidlegare i år flykta mange frå Tyrkia og vidare til den greske øya Lesvos.

Foto: Petros Giannakouris / Ap

Flest asylsøknader i Tyskland

Rundt to millionar menneske søkte asyl eller flyktningstatus i 2015. Flest søkte asyl i Tyskland (441.900), USA (172.000), Sverige (156.400) og Russland (152.500). Ved utgangen av 2015 venta rundt 3,2 millionar asylsøkjarar på eit svar på søknaden.

Ban Ki-moon er FNs generalserektær.

FNs generalsekretær Ban Ki-moon meiner flyktningkrisa også er ei solidaritetskrise.

Foto: Yorgos Karahalis / Ap

Krigsherja Syria er som venta det landet med flest menneske på flukt. 11,7 millionar syrarar var fordrivne frå heimane sine ved utgangen av 2015. Mange har reist til andre land, men fleirtalet av dei er på flukt inne i Syria.

Kommunikasjonsmedarbeidar Anders Aalbu i UNHCR i Nord-Europa gir oss dette perspektivet på den internasjonale flyktningkrisa:

– 24 menneske blir tvungne på flukt kvart minutt. Det blir 34.000 per dag. Halvparten av flyktningane er born, og 90 prosent av dei oppheld seg i utviklingsland, seier han. Han minner også om at tre land produserer halvparten av flyktningane i verda, Syria, Afghanistan og Somalia.

– Tyrkiske grensevakter drepte syriske flyktninger

Leger Uten Grenser nekter å ta imot penger fra Norge

Flyktningleir i Bekaa-dalen i Libanon.

Det er fleire leirar for syriske flyktningar i Bekaa-dalen i Libanon.

Foto: JAMAL SAIDI / Reuters

2,5 mill. i Tyrkia

Aalbu fortel at Tyrkia er det landet i verda som tek mot flest flyktningar. Det bur 2,5 millionar menneske på flukt i landet i dag. Pakistan kjem som nummer to med 1,6 millionar menneske, medan Libanon kjem på tredjeplass med 1,1 millionar menneske.

Så kjem Iran med 979.400, Etiopia med 736.000 og Jordan med 664.100.

I forhold til folketalet er det Libanon som tek mot flest flyktningar, og dei fleste som er i Libanon kjem frå Syria

Leger Uten Grenser nekter å ta imot penger fra Norge

Noreg har mest nedgang av asylsøkarar i Europa

Trusler på svenske asylmottak er mer enn doblet

Siem Pilot reddet 653 flyktninger

Syriske flyktningar i Tyrkia.

Syria er det landet som har teke mot flest syriske flyktningar. Her frå ein leir i Osmaniye sør i landet.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt