Hopp til innhold

Kvardagen ventar for Palin

Visepresidentkandidaten til John McCain har skapt begeistring hos republikanarane. Men kveitebrødsdagene kan fort ta slutt.

Sarah Palin
Foto: JOHN GRESS / REUTERS

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Det kan nesten ikkje seiast på anna vis: Det har vore veka til Sarah Palin.

Strengt tatt to veker. Alaska-guvernøren som ingen utanom familien hadde hørt om da ho i månadsskiftet blei presentert på landsmøtet til republikanarane, har vore verdas mest omtalte kvinne sidan.

Palin har gitt John McCain det rampelyset han så lenge har drømt om for valkampen sin.

Republikanarane har fått ei vitamininnsprøyting som kan samanliknast med den demokratane opplevde da Barack Obama storma fram i nominasjonsvala.

Plutseleg har McCain folk på valmøta sine og opplever ekte begeistring i partirekkene. Plutseleg er veljarane i rask bevegelse på meiningsmålingane.

For McCain har skaffa seg ein partnar som tilsynelatande bringer med seg dei familieverdiane som dei konservative republikanarane ikkje er trygge på at McCain har.

Friskt og annleis

Ennå synest dei republikanske valstrategane det er morosamt når det blir vitsa om Palin som stiller McCain i skyggen: Av slaget "McCain, du veit han som holdt ein av talane på landsmøtet til Sarah Palin".

Det er noe friskt og veldig annleis i amerikansk politikk med ein kandidat som er fembarnsmor og elgjeger, og til vidare er det også festleg med bakgrunnen i lokalpolitikk der alle kjenner alle og meiningar kan skifte over natta og ikkje nødvendigvis vere så prinsippielle.

Men kveitbrødsdagane kan fort ta slutt. Utfordringa til dei som styrer McCain-skuta ligg i å holde på entusiasmen når nyhetsinteressa legg seg og dei ikkje lenger kan verne Palin mot den tøffe politiske kvardagen.

Det er ikkje bare Obama-leiren som nå saumfèr det anonyme livet til Sarah Palin: Gravarane i mediene er i full sving. Den tidlegare ordføraren i ein svært liten by i Alaska, og ei kort tid også guvernør i delstaten, skal vere i stand til å innta verdas mektigaste embete, og veljarane har rett til å vite kva slags kompetanse og kvalitetar ho har med seg. Den testen er det Palin nå skal gjennom.

Tøff test

Den begynte fredag natt og blei i tøffaste laget. I intervju på ein av dei store TV-kanalane kalla ho Russlands innmarsj i Georgia uprovosert og var klart ukjent med den såkalla Bushdoktrinen - USAs rett til førehandsangrep.

Ho korrigerte kursen sin i klimapolitikken nærare McCains ved å seie at klimendringane i noen grad kan vere menneskeskapte, men fjerna seg frå McCain ved å støtte tanken om å angripe mål i Pakistan i ein gitt situasjon.

Ho bomma ved å erklære at USA vann den kalde krigen i Reagans regjeringstid og var uklar da ho skulle forklare om ho ser på amerikanske styrkar i Irak som Guds utsendte. Palin forfektar også synet at det var eit samband mellom Irak og 11. september, noe ikkje ein gong Det kvite hus går god for lenger.

Politikken på vent

Nå hungrar dei andre TV-stasjonane i USA etter å få sin time med Palin, mens vi andre ventar på politisk debatt i denne valkampen: Om dei nesten 50 millionar amerikanarane som ikkje har helseforsikring, om krigen i Irak og krigen i Afghanistan, om bustadkrisa, skattelette og statsgjeld.

Same kven av kandidatane som vinn, står han overfor ei enorm oppgåve med å få skikk på den amerikanske økonomien.

Dei siste dagane har aksjemarknaden skaka i USA, Bush har nasjonalisert husbankane og det er varsla enda dystrare tider. Men i valkampen er hovudemna påstandar om at Obama vil ha sexopplæring i barnehagen og at han har kalla Sarah Palin ein gris.

Mørke krefter

Vi anar kva veg det kjem til å bere og har ingen illusjon om at det denne gongen skal bli så mye reinare og penare enn sist. Dei mørke kreftene ligg på vent. Det var dei same kreftene som gjorde at McCain tapte nominasjonskampen mot George W. Bush for åtte år sidan - med eit rykte, sett ut av Bush-tilhengarar, om at McCain hadde eit svart barn utanfor ekteskap.

Nå ventar dei igjen, om ikkje i valkamphovudkvartera, så på internett og i obskure radio- og TV-program.

Og møkka kjem til å flyge i begge retningar.

SISTE NYTT

Siste nytt