Hopp til innhold

Cubanarane førebur seg på straumbrot etter Chávez' død

På Cuba er folk redde for ny økonomisk kollaps etter at oljerause Hugo Chávez nyleg gjekk bort. Men dissidenten Rosa Maria Payá meiner at Cuba bør kutta den økonomiske navlestrengen først som sist.

Den framståande cubanske regimekritikaren Rosa María Payá snakkar om Cuba sitt forhold til Venezuela. Kristeleg folkeparti har nominert Payá til Nobels fredspris.

– Etter mitt syn treng ikkje Cuba å vera avhengig av Venezuela eller av andre land, seier regimekritikaren Rosa Maria Payá til NRK. Ho var denne veka på besøk i Noreg, etter at KrF nominerte henne til Nobels fredspris.

NRK møter den framståande cubanske regimekritikaren Rosa María Payá i Eidsvollgalleriet på Stortinget i Oslo.

På veggane rundt oss heng det historiske måleri av dei norske grunnlovsfedrene som la fundamentet for folkestyre i Noreg.

På Cuba er det mykje som manglar før ein kan snakka om demokrati, meiner Payá, som no er nominert til Nobels fredspris av Kristeleg folkeparti. Denne veka er ho i Oslo for å takka for nominasjonen og for å setja fokus på den menneskerettslege situasjonen i heimlandet.

I motsetning til mange av sine landsmenn, trur ikkje Payá at den gjengse cubanar vil få det verre som følgje av at den venezuelanske presidenten Hugo Chávez er død.

– Etter mitt syn treng ikkje Cuba å vera avhengig av Venezuela eller av andre land. Heller ikkje av USA eller av EU. Det me treng er fridom. Eit fritt folk er ein føresetnad for ein fri økonomi og demokrati, seier 24-åringen.

Hugo Chávez og Venezuela sitt forhold til Cuba er tema i P2-programmet Verda på laurdag 09.03.2013.

Chávez - Castro sin redningshelt

Chávez knytta svært tette band til Castro-brørne, og har i sine 14 år ved makta smurt ein isolert og skakkøyrt cubansk økonomi med store mengder venezuelansk olje.

Tysdag denne veka tok Chávez sine siste andedrag. Castro-regimet sette sine dyktigaste legespesialistar i sving for å redda Chávez, men trass i langvarig behandling og fire kreftoperasjonar i Havanna stod ikkje livet til å redda.

Cubanske styresmakter erklærte tre dagar med landesorg. Chávez har stått last og brast med Fidel Castro «som ein sann son» i dei 14 åra han styrte Venezuela, sa regjeringa i ei offisiell kunngjering som blei lesen opp på fjernsyn.

No fryktar mange cubanarar at eit Venezuela utan Chávez vil føra dei ut i åleinegang og økonomisk uføre.

Hugo Chavez og Fidel Castro

Avdøde Hugo Chávez saman med den cubanske eks-presidenten og revolusjonshelten Fidel Castro. Biletet er teke under ei bokmesse i Havanna i 2006.

Foto: JAVIER GALEANO / AP

Førebur seg på straumbrot

Daniela Soto (12) i Havanna, Cuba

Daniela Soto (12) og familien hennar førebur seg på hyppige straumbrot på Cuba. Mange cubanarar fryktar at Venezuela vil stengja pengekranen når Cuba-ven Hugo Chávez no er borte.

Foto: Reuters

– Eg trur det vil påverka den cubanske økonomien sterkt, seier 12 år gamle Daniela Soto i den cubanske hovudstaden Havanna til Reuters,

– Familien min førebur seg på mange straumbrot. Chávez gjorde ting billeg og bra. No må me finna ein annan leverandør. Det blir uansett ikkje som før, meiner den skuleuniformerte Daniela Soto.

I 50 år, heilt sidan Cubakrisa i 1962, har USA oppretthalde ein streng handelsblokade mot Cuba.Men med Sovjetunionen som støttehjul, klarte Castro å halda cubansk økonomi unna grøftekanten.

Like før kommunismen i Aust-Europa braut saman, var godt og vel 80 prosent av Cuba sin utanrikshandel med austblokkland.

Då Sovjet kollapsa, stod Cuba brått åleine. Den ideologiske og økonomiske isolasjonen var eit faktum, og Castro-regimet var nær ved å gå konkurs.

I Chávez fann Cuba ein sårt tiltrengt støttespelar, både ideologisk og økonomisk. Dei fleste cubanske økonomar meiner derimot at landet i dag er blitt altfor avhengig av Venezuela.

– Cuba er ekstremt avhengig av Venezuela. Venezuela er blitt Sovjet for oss. Ein slags navlestreng som held liv i cubansk økonomi i form av pengar. Dersom den blir kutta, vil det bli verre enn den verste tida etter Sovjet, seier økonomen og dissidenten Oscar Espinosa Chepe til Euronews.

«Olje for legar»

Gjennom den bilaterale avtalen «Olje for legar» får Cuba dekt heile to tredelar av oljeforbruket sitt med import frå Venezuela. Til gjengjeld sender Castro-regimet titusenar av legar til Venezuela.

I dag er Venezuela den viktigaste allierte og største handelspartnaren til Cuba.

Fredsprisnominerte Payá trur ikkje dei tette banda vil forvitra som følgje av Chávez sin bortgang.

– Framtida til Cuba og Venezuela er ikkje avhengig av kva ein person eller ei gruppe som sit med makta har bestemt. Uansett eksisterer det eit venskapsbanda og ein brorskap mellom våre to samfunn. Det er det som tel, meiner Payá til NRK.

Men trass i tette band og brorskap - cubanarane treng ikkje leva på velvilje frå andre, ifølgje dissidenten.

– Eg trur aldri at den cubanske økonomien kom seg på beina igjen etter at Sovjet kollapsa. Slik eg ser det, har Cuba leita etter raske løysingar ved å snu seg til mektige allierte, som Sovjet og Venezuela. Det blir vanskeleg for Cuba å reisa seg på eigahand men cubanarane er kreative, ressurssterke og evnerike. Hadde dei berre fått lov til å utnytta evnene sine, seier ho.

Det finst ikkje lovar som gararanterer at eg får reisa inn og ut av landet som eg vil, velja dei representantane eg ønskjer, organisera meg fritt og rå over eigedomen min slik eg vil, seier dissidenten Payá til NRK.

Cubanske Rosa Maria Paýa (24) fortel om mangelen på fridom og demokrati i heimlandet sitt.

– Bestillingsdrap

Rosa Maria Payá er dottera til den framståande cubanske regimemotstandaren Oswaldo Payá, som omkom i ei bilulukke i fjor sommar. Dottera meiner ulukka var eit bestillingsverk - eitt av mange døme på skittent spel og undertrykking frå styresmaktene.

Den vevre mørkhåra kvinna verkar enda mindre der ho sit i ein sofakrok i det høgreiste Eidsvollgalleriet.

Røysta hennar er dempa, men trygg og klar. Ho kom til Europa med eit viktig bodskap: det cubanske folket lir under Castro-styret og det internasjonale samfunnet bør støtta opposisjonen sitt krav om lovendringar som garanterer respekt for menneskerettane.

Paýa må le når eg spør kva den gjengse cubanar manglar slik systemet er i dag.

– Vel, cubanarane manglar mange ting - materielle basisvarer. Men røtene til alle problema er at me ikkje får bestemma over våre eigne liv. Det finst ikkje lovar som gararanterer at eg får reisa inn og ut av landet som eg vil, velja dei representantane eg ønskjer, organisera meg fritt og rå over eigedomen min slik eg vil, seier dissidenten som også har fått møta utanriksministeren

– Ein må kunne få selja huset sitt, ikkje berre til naboen men også til ein utlending eller få låsa døra og reisa vekk utan å stå i fare for å vera heimlaus når ein kjem tilbake, Utan moglegheiter til å kunne gjera alt dette, kan eg ikkje bli framgangsrik i mitt eige land. Eg kan ikkje rå over meg sjølv, finna fridom og lukke, legg Payá til.

Raul Castro og Hugo Chávez

Avdøde Hugo Chávez og presidenten på Cuba Raúl Castro er i godt humør på dette biletet frå 2010. Spørsmålet er om Castro-regimet får eit like godt forhold til Chávez sin arvtakar.

Foto: DESMOND BOYLAN / Reuters

Leiv Marsteinstredet

Førsteamanuensis Leiv Marsteinstredet ved Universitetet i Oslo.

Foto: UIB
– Kjem an på den nye presidenten

Cubanarane ventar no i spenning fram mot valet av ny president i Venezuela.

Spørsmålet er om Chávez sin arvtakar blir like raus med olja, eller om dette vil få få Castro-regimet til å ta grep som gjer det mogleg å klyppa den økonomiske navlestrengen.

Dersom opposisjonskandidaten Henrique Capriles skulle vinna vil Venezuela truleg revurdera forholdet til Cuba med tanke på «olje for legar»-avtalen, seier førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo og spesialist på Latinamerikansk politikk, Leiv Marsteinstredet.

– Det vil kunne medføra ein del økonomiske konsekvensar for Cuba, men det vil ikkje påverka regimet like mykje som då kommunismen fall.

Han viser til at Cuba har fått fleire bein å stå på enn dei hadde etter at Sovjetunionen kollapsa. Dei har utvikla ein legemiddelindustri, opna for turisme og har auka sin eigen produksjon av olje og nikkel,. Det er også opna for å starta opp små private bedrifter.

Men det er førebels visepresident og fungerande president fram til valet, Nicolás Maduro, som ligg best an på meiningsmålingane.

– Går han av med sigeren, trur eg ikkje dette vil medfløra store endringar for Cuba. Maduro har sjølv vore mykje på Cuba, er tidlegare utanriksminister og har eit veldig godt forhold til Castro-brørne, seier Marsteinstredet.

SISTE NYTT

Siste nytt