Hopp til innhold

Kvar femte flyktning kjem no frå Syria

Kvart andre sekund får verda ein ny flyktning. Totalt 59,5 millionar menneske er på flukt verda over. Om lag 11 millionar av dei har flykta frå Syria, som er det landet der flest menneske er på flukt.

En flyktning fra Syria bærer et lite barn over det ødelagte grensegjerdet mot Tyrkia, 14. juni 2015
Foto: Lefteris Pitarakis / Ap

Rekordmange 59,5 millionar menneske er på flukt frå krig, undertrykking og vald verda over. På seks år har talet på flyktningar i verda auka med 44 prosent. Ikkje sidan andre verdskrig har fleire menneske vore på flukt.

Dei færraste tek vegen til dei rikaste landa, ni av ti vert fordrive til eit utviklingsland. Det viser ein rapport som Flyktninghjelpen og FNs høgkommissær for Flyktningar (UNHCR) la fram i dag.

Ein ny flyktning kvart andre sekund

I snitt vart 42 500 nye menneske drivne på flukt kvar dag i 2014. Det totale talet på flyktningar utgjer 12 gonger innbyggjartalet i Noreg.

To av tre er fordrive i eige land, medan ein av tre har flykta ut av landet sitt. Den dramatiske auken kjem først og fremst av konfliktane i Syria, Irak og Sør-Sudan.

Tala tek ikkje med alle dei som må forlate heimane sine på grunn av naturkatastrofar, som utgjer 20–25 millionar kvart år.

Jan Egeland

Generalsekretær i Flyktninghjelpen, Jan Egeland, meiner Noreg må gjere meir for flyktningane.

Foto: Rune Eian

Og dei ressurssterke gjer minst for å hjelpe.

Generalsekretær i Flyktninghjelpen Jan Egeland, meiner Noreg kan og bør hjelpe meir.

– Vi slit verkeleg med å nå fram med kor ille det er til både avgjerdstakarar og folk flest. Dimensjonane er ufattelege. Vi burde gi rom for fleire syriske flyktningar i Noreg. Kring 5 000 i året burde vere oppnåeleg, det er 12 flyktningar per kommune kvart år, seier han.

– Murar seg inne bak lukka grenser

Richard Skretteberg, spesialrådgjevar i Flyktningerådet er einig med Jan Egeland. Han trur ikkje folk er klar over kor mange som treng hjelp.

– Folk skal i hovudsak ha hjelp der dei er, og der vert også problema løyst best på sikt. Men det må ikkje vere slik at ein gir til nærområdet for å sleppe å ta imot så mange.

Skretteberg seier også at det finst folk som ikkje kan hjelpast der dei er.

Richard Skretteberg i Flyktninghjelpen

Richard Skretteberg i Flyktningrådet trur ikkje folk er klar over kor mange som treng hjelp.

Foto: Svein Olsson / NRK

– Enkelte får ikkje den beskyttelsen dei treng der dei er. Til dømes statslause palestinarar, Det er ein gruppe som har problem med å finne vern og opphalde seg i nærområdet.

Jan Egeland meiner altfor mange land murar seg inne bak lukka grenser og fråskriv seg ansvaret for å gi hjelp og tryggleik.

Irak er det landet med flest nye flyktningar. Der har IS drive mange på flukt, seier Egeland. Han nemner også vår eigen landsdel der krigen i Ukraina har gjort at 2 millionar har flykta frå heimane sine.

Flyktende kvinner i Ramadi i Irak

Irakiske kvinner flyktar frå valden i byen Ramadi. Irak er det landet med flest nye flyktningar.

Foto: STRINGER/IRAQ / Reuters

– Må løysast gjennom diplomati

– Dette er eit samanbrot for internasjonalt diplomati og samarbeid. Det må ein heilt annan innsats til av FN for å snu denne utviklinga, seier gen

Det er berre ein måte å løyse dette på ifølgje Egeland.

– Diplomatar må skape fred og respekt for menneskerettar. Meir pengar til å hjelpe folk heim og integrere dei der. Og trygge land må ta inn fleire av dei sårbare, slår Egeland fast.

SISTE NYTT

Siste nytt