Hopp til innhold
Korrespondentbrev

Kva kan ni fotografi fortelje oss om ungarsk politikk?

Kan eit bilete fortelje meir enn tusen ord? NRKs korrespondent freistar å skildre valkampen i Ungarn ved å ta utgangspunkt i ni stillbilder.

Putins siste vener i EU - Viktor Orban leader of Europe t-skjorte

Illustrasjon av Ungarns statsminister Viktor Orban med teksten «the leader of Europe» står det å lese på t-skjorta.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Fotografi nr. 1

NRKs fotograf Andras D. Hajdu tok dette blinkskotet som på mange måtar fangar essensen i ungarsk politikk.

På T-skjorta hans er det eit stort bilete av Viktor Orban med teksten «leiaren av Europa». Mannen ved sidan av ber på eit stort krusifiks.

Eg sit og studerer bileta til Andras frå valkampen i mars-april i år.

EUs mest omstridde politikar Viktor Orban vart attvald med god margin. Mange meiner han er Vladimir Putins siste ven i den Europeiske union. Ein trojansk hest som bremser opp sanksjonar mot Russland og våpenleveransar til Ukraina.

Ungarn er førebels einaste EU land som vil betale for russisk gass i Rublar.

Men tilbake til dette fotografiet av dei to mennene. Dei deltek i ein fredsmarsj organisert av regjeringspartiet. Begge er rom. Han til venstre er ein stor kjendis og soleis ein rollemodell.

Han veit, som alle i Ungarn, at Rom blir diskriminerte av det offentlege. Dei er skrivne ut av grunnlova, det har blitt avslørt segregerte skular og systematisk ekskludering.

Det er faktisk så ille at Rom-flyktningar frå Ukraina har snudd og reist heim fordi dei ikkje føler seg velkomne skriv nettstaden Euroactiv.

Likevel hyllar denne Rom-kjendisen Viktor Orban som Europas leiar.

Kvifor?

Kanskje bileta til Andras kan gje svar.

Fotografi nr. 2

Marky-Zay Orban Putin

Til venstre ein plakat som åtvarar mot opposisjonskandidaten, til høgre åtvaring mot Orban og hans gode forhold til Putin.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Det er frå same fredsmarsjen men i fugleperspektiv.

Temaet for marsjen hadde elles blitt endra i siste liten frå å handle om farlege innvandrarar og farane ved homofili – til ein «eg er den einaste som kan hindre krig» parole.

Andras har sikta seg inn på to valkampplakatar. Den til høgre er eit sjeldan syn, for oligarkane til Orban har passa på å kjøpe opp alle reklameplass i hovudstaden.

Så den heng på eit tre. Det er bilete av Vladimir Putin og Viktor Orban. På teksten kan ein lese at valet står mellom «Putin eller Europa.»

Til venstre heng ei åtvaring om at opposisjonskandidat Peter Marki-Zay ikkje er den han utgjer seg for å vere.

Fotografi nr. 3

Marki-Zay som Obama

Opposisjonen framstilling av sin kandidat i Ungarn.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Da eg møtte Marki Zay på eit valmøte blei han framstilt med Obama-aktige bilete.

Men han legg ikkje skjul på at han er ein høgre-konservativ politikar. Eigentleg det vi i Noreg ville kalle ein mørkemann.

Når det er sagt så var ikkje valkampen så frykteleg prega av politiske verdiar.

For Marki-Zay handla det om å sette ein stoppar for korrupte politikarar som tømmer landet for verdiar, fortalde han meg.

Det Putin og Orban har til felles er at dei fyller lommene sine med fellesskapet sine verdiar, sa Marki-Zay til NRK.

Fotografi nr. 4

Håp for Marki-Zay

Mange håpefulle ungarar møtte opp for å høyre på Peter Marki-Zay i dagane før valet.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Orban veit at mister han makta vil han bli etterforska for korrupsjon og fengsla.

Difor handlar ungarsk politikk om å bruke maktapparatet til staten for å slå ned på all motstand. Journalistar og opposisjonelle blir avlytta. Domstolane er under politisk kontroll.

Slik kan ein erkekonservativ politikar som Marki-Zay bli hylla som Europas redningsmann. Fordi han har lova å ikkje stele, og å bryte banda til Putin.

Fotografi nr. 5

Viktor Orbans nye heim. Marki-Zay

Marki-Zay ventar på å få halde tale. På plakaten er eit bilete av det opposisjonen meiner er Viktor Orbans nye heim.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Andras tok eit bilete av Marky-Zay sittande med eit digert fotografi av Viktor Orbans nye luksusvilla. Det ser mest ut som eit nytt presidentpalass.

Slike avsløringar fører ikkje til endring i Ungarn. Det vil ikkje bli publisert i dei store Orban-kontrollerte media. Dei som likevel får det med seg trekk på skuldrene. Det er ikkje noko vanlege folk kan gjere med dette så likevel.

Fotografi nr. 6

Bading Budapest

Pali og Tibi møtes kvar dag for å spele sjakk ved Szechenyi-badet i Budapest.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

To eldre herrar spelar sjakk ved det berømte Szechenyi-badet i Budapest. Dei fleste reisemagasin med respekt for seg sjølv har nok intervjua dei to sjarmerande herrane som kjem nesten kvar dag.

Gul bygning, turkis vatn og grått hår. Det er nesten som ei Spa-behandling å sjå på bilete.

Ein av dei fortel oss han synest venskapen mellom Orban og Putin er pinleg. Men det er ikkje noko han kan gjere med det. Forresten så kjem han ikkje til å stemme i valet, det er kjøpt og betalt.

Her ligg ei viktig årsak til at ein politikar som Orban kan halde fram år etter år. Han har overtydd folket om at det er nyttelaust å kjempe.

Det er oligarkar og politikarar som bestemmer.

Fotografi nr. 7

Viktor Orban

Ungarns statsminister Viktor Orban blir skulda for å ha eit nært forhold til Russlands president Vladimir Putin

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Dette er Viktor Orban på talarstolen.

Han har fått eit meir og meir furete andlet dei siste åra. Er det på grunn av all kritikken frå EU?

Vonde tunger vil ha det til at har psykiske problem og tek medisin som gjev han heilt spesielle tics.

Slike rykte vil ein alltid ha i eit samfunn der pressen ikkje er fri. For det handlar ikkje om sanning lenger, den som kontrollerer media kan lage si eiga sanning.

For ordens skuld: Det er ingen bevis for påstanden anna enn sladder rundt kafeborda i Budapest med referanse til diffuse Youtube-videoar.

Hovudet til Orban har også blitt litt kjerub-aktig, som ein Habsburg-adelsmann.

Kanskje fordi han har flytta kontoret sitt inn i det gamle Habsburg-slottet i Budapest?

Fotografi nr. 8

Orban rally

Valsigeren til Viktor Orban vil prege Ungarn og Europa i lang tid framover.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Frå talarstolen kan han nyte synet av eit hav av tilhengarar.

Orban har eit stort politisk talent blir det sagt. Han kunne drive det langt i EU-systemet hadde han ikkje vore så uheldig å vere fødd i det gamle Aust-Europa. Det hjelpte ikkje å definere om geografien heller. Ungarn ligg no i Sentral-Europa blir det hevda.

I staden er han blitt statsminister på livstid i heimlandet. Ein slags diktator i eit demokrati. Sjølv kallar han det eit illiberalt demokrati.

Fotografi nr. 9

Viktor Orban valsiger.

Med Viktor Orbans overbevisande valsiger har Putin framleis ein ven i EU, meiner opposisjonen.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Og for oss som kjem utanfrå er det framleis eit mysterium kvifor han har så brei støtte i folket. Men så bryr ikkje folket seg så mykje om meiningane til utanforståande heller.

SISTE NYTT

Siste nytt