Kva for eit land blir det siste som får koronavirus?

Koronaviruset går som ei bølgje over verda, men framleis finst det nokre få land utan stadfesta smitte.

VdwSZP_-K-I

Koronaviruset har kravd mange tusen liv, og eldre og menneske med kroniske lidingar er mest utsette. Desse pasientane ventar på blodoverføring ved eit sjukehus i Pakistan.

Foto: Fareed Khan / AP

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Fram til 12. januar – for mindre enn tre månader sidan – var koronaviruset avgrensa til Kina. Det var ikkje funne eit einaste tilfelle utanfor landet der viruset først dukka opp.

Men dagen etter blei eit tilfelle oppdaga i Thailand. Dermed var viruset i ferd med å bli eit globalt problem. Japan, Sør-Korea og USA følgde snart etter.

I land etter land blei nye tilfelle registrert. Koronapandemien har spreidd seg som ein flaum over heile verda.

Til no har meir enn 1,2 millionar menneske fått påvist smitte av koronaviruset globalt, frå Nepal til Nicaragua, frå Australia til Island. Dødstala stig, sjukehusa fyllest opp.

nn0s2LHvbMI

Reisande frå heile verda slit med å komme seg heim som følgje av koronapandemien.

Foto: Moises Castillo / AP

Få koronafrie hjørne

Finst det framleis nokon stader på jorda som er heilt fri for korona?

Svaret er ja.

FN har 193 medlemsland. 2. april var status at 18 land ikkje hadde rapportert om eit einaste tilfelle av koronaviruset, ifølgje data frå Johns Hopkins-universitetet.

Desse 18 landa er utan stadfesta koronasmitte: Komorane, Kiribati, Lesotho, Marshalløyane, Mikronesia, Nauru, Nord-Korea, Palau, Samoa, São Tomé og Príncipe, Salomonøyane, Sør-Sudan, Tadsjikistan, Tonga, Turkmenistan, Tuvalu, Vanuatu og Jemen.

Og Antarktis er det einaste kontinentet utan innrapportert koronasmitte.

Nokre av dei 18 landa kan kanskje ha urapporterte tilfelle av smitte. Nord-Korea, for eksempel, har offisielt null tilfelle, det same har det krigsherja landet Jemen.

Men det finst utan tvil land der viruset ikkje har dukka opp. Dei fleste av desse landa er små øystatar med få besøkjande. Sju av dei ti landa som ifølgje FN er minst besøkt i verda, er utan koronasmitte.

corona Kenya

Helsearbeidarar i Nairobi i Kenya rykkjer ut for å desinfisere ein buss etter at ein passasjer i bussen testa positiv på korona 14. mars.

Foto: Yasuyoshi Chiba / AFP

Isolert i Stillehavet

I ei tid med strenge krav om fysisk avstand, er øystatane nærast «sjølvisolerande».

Men presidenten i eitt av desse landa har likevel korona høgt på agendaen. Sjølv utan registrert koronasmitte, er landet i nasjonal krisetilstand.

Nauru ligg som ein liten prikk i Stillehavet, nesten 320 kilometer frå næraste naboland – Banaba i Kiribati. Den næraste større byen med direktefly er Brisbane, 4000 kilometer mot sørvest.

Nauru er den nest minste FN-staten når det gjeld landareal (etter Monaco) og, med litt over 10 000 innbyggjarar, den nest minste målt i folketal (etter Tuvalu).

Det er også ein av dei minst besøkte stadene på jorda. Ifølgje ein turoperatør har landet berre 160 turistar i året.

Men sjølv eit land som er såpass isolert må ta trusselen frå koronaviruset på alvor. Eit land med berre eitt sjukehus, ingen respiratorar og mangel på sjukepleiarar kan ikkje ta nokon sjansar.

  • I midten av mars innstilte Nauru Airlines flygingane til Fiji, Kiribati og Marshalløyane, og den einaste ruta som då var igjen, til Brisbane, blei redusert frå tre gonger i veka til ein gong i løpet av fjorten dagar.
  • Etter dette er alle reisande frå Australia (for det meste heimvende innbyggjarar) sende rett i 14-dagars karantene på lokale hotell.
  • Eventuelle nye asylsøkjarar vil også bli sende i karantene i minst to veker. Australia har ein stor migrantleir her.

– Målet vårt er å stanse viruset ved grensa. Vi ser på flyplassen som grenselinja viruset ikkje skal komme forbi, seier president Lionel Aingimea til BBC.

FDRY76Meacc

Presidenten i Nauru, Lionel Aingimea på talarstolen i FN i september i fjor.

Foto: EDUARDO MUNOZ

Folk flest i Nauru er rolege og fatta, fortel presidenten. Han er takknemleg for god hjelp frå andre land, spesielt Australia og Taiwan, og han finn styrke i religionen.

Og mens han prøver å halde talet på virustilfelle på null, veit han godt at resten av verda ikkje er like heldige.

– Kvar gong vi ser på koronakartet ser det ut som om verda har fått utbrot av meslingar. Det er raude prikkar over alt, seier han.

– Vi håpar at bønnene vi ber vil hjelpe alle andre nasjonar som opplever tøffe tider, legg ha til.

Nauru er ikkje det einaste vesle stillehavslandet som har erklært nasjonal krise. Kiribati, Tonga, Vanuatu og fleire andre har gjort det same.

Dr. Colin Tukuitonga kjem frå Niue i Sør-Stillehavet, og meiner bestemt at dette er god politikk.

– Det beste dei kan gjere, er utan tvil er å halde viruset utanfor landegrensene. For dersom det først kjem inn i landet, er det gjort, seier han.

Dårleg utbygd helsetilbod

Dr. Tukuitonga bur på New Zealand, og har tidlegare arbeidd for Verdsorganisasjonen for helse.

Dr. Colin Tukuitonga

Dr. Colin Tukuitonga

Foto: Twitter

– Desse stadene har ikkje robuste helsesystem. Det er små land, mange av dei har ikkje respiratorar. Eit koronautbrot vil kunne få fatale følgjer, seier han.

– Og, legg han til, mange øybuarar i Stillehavet har allereie dårleg helse, bl.a. er det mange tilfelle av diabetes og hjarte- og karsjukdommar i desse landa.

Dersom det skulle komme eit alvorleg utbrot i nokre av dei små stillehavsnasjonane, ville dei måtte sende pasientane til utlandet. Men det er lettare sagt enn gjort, når land etter land stengjer grensene.

– Så, seier Dr. Tukuitonga, det aller beste dei kan gjere, er å gjere alt dei kan for å halde seg på null så lenge som mogeleg.

– Isolasjonen, langt til havs, som på mange måtar alltid har vore eit problem, er no blitt eit vern mot eit livsfarleg virus, seier han.

Status Norge

Sist oppdatert: 22.10.2020
1 173
Siste uke
44
Innlagt
279
Døde

SISTE NYTT

Siste nytt