NRK Meny
Normal

Kurdisk redaktør dømd til fengsel

Redaktøren for den kurdiske avisa Azadiya Welat er dømd til 21 års fengsel for å ha publisert stoff som sympatiserer med PKK.

Redaktøren Ozan Kilinc godtok i tolv utgåver av avisa saker med referansar til PKK, det kurdiske arbeiderpartiet.

Støtte til PKK blir rekna for å vere alvorleg kriminalitet i Tyrkia, og dei tyrkiske dommarane meiner avisa støttar terrorisme.

Avisa omtalte PKK-leiaren Abdullah Ocalan som "leiaren av det kurdiske folket" og let vere å omtale falne tyrkiske soldatar som martyrar, melder BBC .

Avisa har kome ut i byen Diyarbakir sidan 1994, og har allereie blitt stengt fem gongar.

Tyrkia ønskjer å bli medlemmer av EU, men restriksjonar mot pressefridom er ei av dei største hindra for at dei skal bli godtekne.

Kurdisk redaktør dømd til fengsel

FENGSLA: Ozan Kilinc er dømd til 21 års fengsel fordi avisa støttar terrorisme.

Foto: Faksimile: www.welat.org
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt