Hopp til innhold

Kungen: – I dag markerer vi også det dype vennskapet mellom Norge og Sverige

STOCKHOLM (NRK): Kong Carl Gustaf måtte overtalast til å takke ja til grunnlovsfesten på Eidsvoll 17. mai. Men i dag opna han dørene til Stockholm for å feire Norges 200 årsjubileum.

Kong Carl Gustaf taler på grunnlovsseminar

VIDEO: Kong Carl Gustaf ønskjer velkommen til seminaret «Norges Grunnlov 1814 – Sverige i fred 200 år.»

– Det er ein stor glede for meg å ønskje alle velkomne til et interessevekkande seminar.

– Det har gått 200 hundre år sidan den norske grunnlova vart skriven, og 200 år sidan Sverige sist var i krig. Sidan den gang har det vore fred mellom dei nordiske folka, sa kong Carl Gustaf då han ønskte velkommen til seminaret «Norges Grunnlov 1814 – Sverige i fred 200 år».

Svenskekongen har opna dørene til det imponerande slektsbiblioteket Bernadottebiblioteket på Stockholms slott for markeringa måndag ettermiddag. Med historisk seminar og konsert i slottskyrkja vil svenskane både gjere stas på det norske grunnlovsjubileet og markere 200 år med godt naboskap mellom Norge og Sverige.

På første rad har dronning Silvia, kronprinsesse Victoria, prins Daniel teke plass saman med den norske representanten for anledninga, kronprins Haakon.

– Få venner betyr så mykje for kvarandre som Norge og Sverige. Derfor er det spesielt hyggeleg å kunne ønskje kronprins Haakon velkommen i dag, sa kong Carl Gustaf.

Seminar og konsert

Tidleg i fjor haust gjekk leiaren i Bernadottemuseets venner, Olof Sjöström, til kongen med ideen om ei norsk-svensk markering av det norske grunnlovsjubileet.

– Det nordiske samarbeidet er svært viktig. Vi vil delta i nordmenns glede over grunnlovsjubileet, seier Olof Sjöström, leiaren i Bernadottemuseets venner, til NRK.

Han er mannen bak ideen om ei slik markering, for starten på det norske demokratiet i 1814 vart også starten på 200 år med fred mellom Norge og Sverige.

– Grunnlovsjubileet kunne ikkje gå upåakta hen. Derfor spurte eg kungen i fjor haust om vi skulle arrangere et historisk seminar. Kungen synest at det var ein utmerkt ide. Vi er stolte over å presentere vårt arbeid i dag, seier Sjöström.

Den norske ambassaden i Stockholm arrangerer seminaret saman med Bernadottemuseets venner.

Kungens nei

Det vakte stor merksemd då svenskekongen i januar fyrst takka nei til Stortinget sin invitasjon til grunnlovsfesten på Eidsvoll 17. mai. Det passa ikkje for ein svensk konge å ta merksemd under eit anna lands nasjonaldagsfeiring, var grunngjevinga.

Etter forsikringar om at det var grunnlovsfesten, ikkje nasjonaldagsfesten han var invitert til, snudde kongen.

– Eg synest det er riktig at han til slutt sa ja. Det er viktig at han representerer Sverige på denne viktige dagen, seier Sjöström.

Seminaret blir avslutta med norsk-svensk musikalsk forbrødring. I slottskyrkja skal hundre songarar frå Ceciliakoret i Oslo framføre «Requiem for kong Carl Johan». Solistar og musikarar er henta frå hofforkesteret og operaen i Stockholm.