Hopp til innhold

– Journalistane tråkkar oppi tabu og følsomme spørsmål

«Rasistar» og «gribbar» var dei lite ærefulle orda Mandelas dotter nytta for å skildre journalistane utanfor sjukehuset. NRKs tidlegare afrikakorrespondent, Tomm Kristiansen, trur mange afrikanarar finn journalistane sin veremåte framand.

APTOPIX South Africa Mandela

Winnie Madikizela-Mandela snakkar til journalistar utanfor sjukehuset i Pretoria. Dei internasjonale journalistane si framferd er krenkande for sørafrikanarane seier Tomm Kristiansen.

Foto: Markus Schreiber / Ap

– Det er ein form for eit rasistisk element ved mykje av den internasjonale media og måten dei trakkar over grensene på, sa Mandelas dotter, Makaziwe Mandela, i går då ho langa ut mot dei mange journalistane som ventar utanfor sjukehuset for å vere først ute med nyheita når faren hennar døyr.

Gribbar over ein bøffel

– Som afrikanar, så er ønsket mitt på dette tidspunktet å ha ro rundt meg. Ein må vise ære i måten ein opptrer på. Det er kva som krevst her. Eg forstår ikkje kvifor folk kjem hit og trassar alle lovar og reglar. Er det fordi me er eit afrikansk land, spør Makaziwe, før ho samanliknar journalistflokken med gribbar som sirkulerer over ein døyande bøffel.

Også Mandelas eks-kone Winnie Madikizela-Mandela finn journalistane si framferd forstyrrande.

– Det er vanskeleg å forstå det vesle tålmodet som finst, og utsegner som at «det er tid for familien å la ham gå» og «me ber for at familien ikkje koplar av røyra». Dette er usensitive utsegner, som ingen andre ville ha likt om det vart sagt om deira foreldre eller familie, forklarer ekskona.

(Saka held fram under videoen)

Winnie Mandela sier i dag at Nelson Mandela er friskere men fortsatt bevistløs.

Nelson Mandela skal vere friskare

Kristiansen: – Uforskamma og krenkande

Tidlegare Afrika-korrespondent, Tomm Kristiansen, har budd fleire år i Sør-Afrika og kjenner godt til den sørafrikanske kulturen. Han trur mange afrikanarar finn vestlege journalistar sin veremåte framand.

– Kravet om å få vite fleire detaljar om Mandelas sjukdom er for sørafrikanarane uforskamma, ufølsamt og krenkande, seier Kristiansen.

Han synest det er uinteressant å diskutere om Mandelas dotter si framstilling av journalistane som gribbar er riktig eller ikkje. Det er uansett slik det følast for dei pårørande, seier Kristiansen som sjølv følger med på Mandela si helsetilstand frå Oslo.

(Saka held fram under biletet)

SAFRICA-MANDELA Police detain a journalist carrying a remote aerial camera that flew above crowds gathered outside the hospital where former South African President Nelson Mandela is being treated in Pretoria

Ein journalist vert tatt hand om av politiet etter at han sendte opp eit flygande kamera utanfor sjukehuset der Nelson Mandela ligg.

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

– Tråkkar rett inn i tabu

Makaziwe Mandela sin påstand om at dei vestlege journalistane sin arbeidsmåte er rasistisk meiner Kristiansen er ei overdriving.

– Den tanken bygger nok på sørafrikanarar sine erfaringar. Kvite reporterar, turistar, forretningsfolk og politikarar frå Europa som kjem og trakkar rett inn i tabua og dei følsame spørsmåla.

Tomm Kristiansen

Tidlegare Afrikakorrespondent Tomm Kristiansen trur mange vestlege journalistar trakkar midt oppi sørafrikanske tabu medan dei står utanfor sjukehuset i Pretoria.

Foto: NRK

NRK fekk dårleg respons

Kristiansen hugsar førre gong Mandela var sjuk, og NRK velte å ta kontakt med den sørafrikanske kringkastaren SABC med spørsmål kring sendekapasitet om Mandela skulle døy. Responsen frå sørafrikanarane var at slike spørsmål var høgst upassande.

– Sjølv planlegginga av ei gravferd for eit menneske som framleis lever er eit vanskeleg spørsmål. Difor har ikkje nokon ambassadar i Sør-Afrika fått vite noko om planane for korleis og kor Mandelas gravferd skal gjennomførast, seier Kristiansen.

Likevel held journalistane stand framfor sjukehuset, og trass mangelen på tolmod fekk dei i dag servert nye meldingar frå Mandelas familie, om at fridomskjemparen si form er litt betre i dag enn før.