Hopp til innhold

Kulden tok 66 liv i Polen

Det uvanleg kalde veret skapar store problem i Europa. 66 menneske har frose i hel i Polen sidan den ekstreme kulden sette inn i slutten av november.

Fjernar snø og is frå det store teatret i Warsawa.

Ein mann fjernar sø og is frå fasaden til det største teatret i den polske hovudstaden.

Foto: ALIK KEPLICZ / Ap

Eiffeltårnet i Paris vart stengt i dag på grunn av snøfallet.

Slik såg det ut i Paris onsdag kveld. Tidlegare på dagen var det fullt kaos på grunn av snøveret.

Foto: BERTRAND GUAY / Afp

Det er i hovudsak heimlause som har blitt offer for sprengkulda i Polen. Siste døgnet har tre menneske frose i hel, melder BBC.

LES OGSÅ: Tror vinteren blir iskald

Sjekk veret på Yr

Kraftig snøfall

Kraftig snøfall sette den franske hovudstaden Paris på hovudet i dag. Eiffeltårnet vart stengt, og Charles de Gaulle-flyplassen måtte halde stengt delar av dagen. Ein verstasjon i Paris har målt 11 millimeter nedbør, altså 11 centimeter snø, i løpet av dagen, det kratigaste snøfallet i verdsmetroplolen sidan 1987.

Det nasjonale trafikkinformasjonssenteret i Frankrike brukte berre eitt ord for å karakterisere situasjonen: «Katastrofe».

Midt på dagen i dag var alle bussruter innstilde i Paris. På motorvegane i og rundt byen var det til tider umogleg å kome fram.

Det var fullt stans på motorvegane rundt Paris.

Det var full stans på vegane i og rundt Paris onsdag.

Foto: BERTRAND LANGLOIS / Afp

Då var det godt at Metroen gjekk som normalt under bakken.

Stengde vegar

Også Skottland har vore hardt ramma av snø og is dei siste dagane. Først i dag opna motorvegen mellom Edinburgh og Glasgow igjen, etter å ha vore stengd sidan søndag.

I dei sørlege delane av Europa kjem nedbøren som regn, og fleire stader er det flaum.

Ein ni år gammal gut drukna i dag då bilen han var i saman med faren vart teken av vassmengdene då elva Alcudia gjekk over breiddene sine nær byen Almodovar del Campo.

LES MER: Fenomenet som ga iskald vinter i fjor er her fortsatt

Kraftig snøfall i Paris.

Snøfallet i Paris har skapt store problem for innbyggjarane.

Foto: PIERRE VERDY / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt