Det var 21. juni 1964 at ein bil vart stoppa for å ha køyrt for fort i den vesle byen Philadelphia i Mississippi i USA. Dei tre som var i bilen, James Chaaney, Andrew Goodman og Michael Schwerner, vart tekne til fengselet i byen.
Edgar Ray Killen nektar for at han var med på drapa i 1964. (Foto: AP/Scanpix)
Påsett brann
Dei tre hadde kome til området for å etterforske ein mystisk brann mot ei metodistkyrkje dei meinte Ku Klux Klan stod bak. De skulle også arbeide for å få dei svarte i byen til å bruke røysteretten sin.
Seinare same dag forsvann dei sporlaust frå fengselet. Etter ei 44 dagar lang intensiv jakt leidd av FBI, det føderale amerikanske politiet, vart lika av dei tre funne i ei myr.
Sju menn vart dømde til fengsel i ei føderal rettssak mot 18 mistenkte i 1967. Edgar Ray Killen vart frikjend fordi ei kvinne i juryen ikkje ville bidra til at ein pastor vart dømd for drap.
I januar i år vart no 80 år gamle Killen tiltalt i saka på nytt. I dag blir juryen i saka utnemnd.
Killen nektar
Edgar Ray Killen nektar framleis for at han hadde noko med drapa å gjere, men aktoratet sit på omfattande dokumentasjon på den rolla baptistpastoren, sagbrukseigaren og Ku Klux Klan-leiaren spelte i den makabre drapssaka.
Killen var ein sentral maktfaktor i den vesle sørstatsbyen.
Aktoratet meiner det var Killen som samla saman klan-medlemene, at det var han som avgjorde kvar dei tre mennene skulle drepast, og kvar lika skulle dumpast.
Drapa på dei tre svarte borgarrettsforkjemparane i Philadelfia i 1964 og dramaet etterpå vart filmatisert i 1988 i "Mississippi burning".
Spent
Det er spent i Philadelphia i Mississippi før rettssaka. Journalistar frå både USA og utlandet har vorte møtte med skepsis i småbyen, og politiet fryktar at rasistiske grupper skal arrangere demonstrasjonar.
Lokalavisa Neshoba Democrat skriv på leiarplass denne veka at Mississippi var ei kruttønne under tyranniet til Ku Klux Klan på 60-talet.
"Rettsaka må bli ein måte å til slutt reinske denne byen frå det 40 år gamle stigmaet, og bli noko positivt for framtida.
Vondskapen blomstrar når rettskafne menneske er passive, så vi seier: Aldri, aldri meir skal mobben få styre her".