Hopp til innhold

Fyrste toppmøte med karismatisk statsminister

Statsministeren brukar ikkje av si arbeidstid til å møte det norske kronprinsparet medan dei er i Canada. 44 år gamle Justin Trudeau inviterte i staden dei jamngamle kongelege på middag.

Kronprinsparet møtte statsministeren i Canada.

Kronprinsparet møtte statsminister i Canada, Justin Trudeau og kona hans, Sophie Gregoire Trudeau til middag i Quebec i går kveld.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

På restauranten i Chelsea i Quebec var det dekka til fire då statsministerparet ønskte det norske kronprinsparet velkomne i går kveld. Den lite formelle middagen var oppvarminga, men når det offisielle programmet startar i dag, har ikkje statsministeren tid til å vere med.

Det er borgarmeisteren i Ottawa som tek i mot når kronprinsbesøket startar for alvor i dag. Reisa går vidare til Toronto tysdag der kronprinsparet er trekkplaster på den internasjonale premieren av filmen «Kongens Nei» .

Målet er USA

Målet med den norske offensiven er å betre sjansane for norske bedrifter, ikkje berre i Canada, men også i den store amerikanske marknaden. Vegen til USA går via Canada, er slagordet. Ein næringslivsdelegasjon på 70 personar er med på kronprinsparet si reise, næringsminister Monica Mæland er blant regjeringa sine representantar.

Monica Mæland

Næringsminister er med på kronprinsparets offisielle reise til Canada. Ho håper å kome heim med ei ny handelsavtale.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Canada er ein marknad der ein kan vise at ein er attraktive internasjonalt og faktisk har potensial i Nord-Amerika. USA er ein veldig stort marknad, og svært attraktivt, seier nærings- og fiskeriminister Monica Mæland (H) til NTB.

Handelsavtale

Næringsministeren får travle dagar i Canada. Mæland håper å reise heim med ny handelsavtale med Canada. Målet er ein avtale tilsvarande frihandelsavtalen EU underteikna for ei dryg veke sidan. Frihandelsavtalen CETA fjernar 99 prosent av tollbarrierane mellom Canada og EU. Norge har i dag avtale om nulltoll for fisk og industrivarer, men manglar avtale for handel med tenester og investeringar.

– Målet vårt er å kome på nivå med CETA, med nokre nyansar, seier Mæland til NTB.

Kronprinsesse Mette-Marit i samtale med Sophie Gregoire Trudeau.

Kronprinsesse Mette-Marit i samtale med statsminister Justin Trudeaus kone Sophie Gregoire Trudeau søndag kveld.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Flott start

Pressa fekk ta nokre få bilde av det norsk-canadiske toppmøtet før måltidet starta i går kveld. Møtet mellom statsminister Justin Trudeau og kona, Sophie Gregoire Trudeau og kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit i går kveld er det fyrste sidan 44 år gamle Trudeau vann statsministerposten i eit brakval for eit år sida.

– Ein flott start på besøket, var einaste kommentar kronprinsparet gav til pressa. Etter middagen takka statsministeren for laget på Twitter.

– Takk for godt selskap og samtaler, skreiv Justin Trudeau.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt