NRK Meny
Normal

Kronprinsesse Victoria har fødd ein prins

Prins Daniel kunne i kveld fortelje det svenske folk at prinsesse Victoria fødde ein liten prins klokka 20.28 i kveld. Både mor og barn har det bra.

Frå pressekonferansen der fødselen vart annonsert

VIDEO: Her fortel prins Daniel om fødselen.

Prinsesse Victoria

Prinsesse Victoria fødde ein prins på Karolinska sjukehuset i Stockholm i kveld.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Prins Daniel møte pressa på Karolinska sjukehuset like etter kl. 22.30 i kveld. Han kunne fortelje at den vesle prinsen veg 3655 gram og er 52 centimeter lang. Han fortalde også at dei ikkje visste på førehand kva kjønn barnet hadde.

Prinsen sa også at det tok eit par timar frå dei kom til sjukehuset til barnet var fødd.

Nummer tre i arverekkja

Hoffet opplyste 4. september i fjor at kronprinsesse Victoria er gravid og at dei venta sitt andre barn i mars.

Namnet til prinsen skal alt vere klart, men det blir ikkje avslørt før torsdag. Han er det fjerde barnebarnet til kong Carl Gustaf og dronning Silvia.

Frå før har paret dottera Estelle Silvia Ewa Mary, som vart fødd 23. februar 2012. Ho er tronarving og det første barnebarnet til kong Carl XVI Gustaf og dronning Silvia. Estelle er nummer to i arverekkja etter mora og vesleprinsen blir nummer tre.

Den nye prinsen kan kome til å arve trona frå storesystera, dersom ho ikkje får barn, seier Dabian Persson, dosent i historie, til Sveriges Radio.

Prinsessens navn er Estelle

– Eg er kjempeglad

Prinsen sa på den hastig kalla inn pressekonferansen at storesyster Estelle enno ikkje veit om fødselen. Det får ho vite når ho vaknar torsdag morgon. Prins Daniel sa også at det var han som klipte av navlestrengen.

– Eg er kjempeglad. No skal vi berre vere saman og nyte dette, sa han blant anna.

Prins Daniel takka også det frammøtte pressekorpset for at dei hadde respektert familien sitt ynskje om at dei ville verne om privatlivet sitt.

Prins Daniel fortel om vesleprinsen.

Prins Daniel viser kor stor den nyfødde prinsen er.

Foto: Henrik Montgomery / TT / NTB scanpix
Innslag i Kveldsnytt om prinsenfødselen i Stockholm.

VIDEO: Sjå innslaget frå Kveldsnytt

Kongelig treff på Mågerø

Victoria fikk endelig sin prins

Kongeparet på eksklusiv gallamiddag

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt