Hopp til innhold

Kronprinsessa i Canada: – La oss lytte til urfolk

Kronprinsesse Mette-Marit delte svigerfar sine erfaringar frå kvardagslivet blant indianarar i Amazonas då ho talte til forsamlinga som skal få fart på det norsk-canadiske næringslivssamarbeidet.

Kronprinsesse Mette-Marit taler under ein offisiell mottaking på det historiske museet i Ottawa
Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Etter at han hadde lært om den unike kunnskapen, kompetansen og djupe innsikta dei hadde, var han usikker på om han forlèt eller reiste tilbake til sivilisasjonen då han reiste derifrå, sa kronprinsesse Mette Marit om kong Harald sitt møte med Yanomami-indianarane i Brasil.

Kongen i Brasil

Kong Harald opplevde kvardagen til Yanomamifolket då han besøkte landsbyen Demini i 2012. Kongen av Norge fann tonen med høvding Davi Kopenawa.

Foto: ISA Brazil / Regnskogfondet / Det Kongelige Slott / NTB scanpix

Så kom kronprinsessa med eit klart råd til forsamlinga, representantar for norske og canadiske styremakter og næringslivs folk frå Norge og Canada.

– Urfolk har kunnskap og erfaring det er verd å lytte til på mange område. Særleg når det gjeld den saka som betyr aller mest for oss i dag: respekten for liv og Moder Jord. La dette vere eit felles grunnlag for alt vårt samarbeid.

Urfolk sit på kunnskap og erfaringar som er verd å lytte til i mange samanhengar.

Sjølvmordsbølgje

I Canada reknar meir enn 1 million innbyggjarar seg som urfolk. Tidlegare i år blei det innført unntakstilstand etter ei sjølvmordsbølgje i indianarreservatet Attawapiskat i Ontario. Statsminister Justin Trudeau gjentok då sine lovnader om ein ny urfolkspolitikk. Ifølgje menneskerettsorganisasjonen Amnesty International har politikken som har vore ført i Canada utarma og splitta familiar og lokalsamfunn. Representantar for Trudeau si regjering var til stades på tilstellinga kronprinsessa talte på måndag kveld.

Frå olje til innovasjon

Den norske næringslivsdelegasjonen som følgjer kronprinsparet i Canada denne veka håper å kome heim med avtaler om handel og samarbeid. Innovasjon og klima står høgt på agendaen. I dag er 90 prosent av norsk eksport til Canada råolje og petroleumsprodukt.

Til forsamlinga av potensielle samarbeidspartnarar framheva kronprinsesse Mette-Marit ikkje berre svigerfar sine erfaringar med urfolk, men også dei ein feira norsk polfarar gjorde.

– Roald Amundsen var forut for si tid. Han henta den beste kunnskapen som var tilgjengeleg hos dei lokale inuittane. Det han lærte av dei var avgjerande for mange av hans ekspedisjonar, sa kronprinsesse Mette-Marit.

Filmpremiere før valvake

I kveld er kronprinsparet heidersgjester under den internasjonale premieren på "Kongens Nei" i Toronto. Samstundes held dei nok eit interessert blikk mot det som skjer i nabolandet, USA. Verken kronprinsen eller kronprinsessa ville kommentere presidentkandidatane då dei møtte pressa måndag, men sa dei følgjer med.

– Det er veldig spennande, vi følger med slik som de fleste andre, sa kronprins Haakon.

Kronprinsparet kjem til tilstelning i Ottawa i samband med det offisielle besøket til Canada.

I går var dei hovudpersonar på norsk-canadisk tilstelling i Ottawa, i kveld er kronprinsparet trekkplaster under den internasjonale premieren på 'Kongens Nei' i Toronto.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

SISTE NYTT

Siste nytt