Hopp til innhold

Kroatia klar for EU

Kroatia har fått grønt lys til å til å bli Unionens 28. medlemsland i 2013.

President i Kroatia Ivo Josipovic (V) og Van Rompuy

Presidenten i Europarådet, Herman Van Rompuy (høgre), ønskjer den kroatiske presidenten Ivo Josipovic velkomen til eit møte i Brussel den 8.juni. Kroatia blir truleg Unionens neste medlem.

Foto: GEORGES GOBET / Afp

Kroatia tek eit stort steg i retning EU-medlemskap når Kommisjonen fredag kunngjorde at landet får innpass i 2013.

President i EU-kommisjonen, José Manuel Barroso, tilrår fredag at forhandlingane med regjeringa i Zagreb blir avslutta. Det tyder at det skal setjast punktum i dei fire attståande av til saman 35 forhandlingskapittel.

Korrupsjons-krav

For å innfri krava frå EU måtte Kroatia ta tak i korrupsjonen og gjennomføra reformer i rettsvesenet og i den offentlege administrasjonen.

Noverande president Josipovic hadde korrupsjonskampen som eitt av hovudpunkta på sitt program under valkampen hausten 2009.

– For eitt år sidan trudde eg ikkje at Kroatia ville klara det. Men sidan den gong har dei gjennomført ei fullstendig reform av rettsvesenet sitt, sa justiskommissær Viviane Reading i Luxembourg fredag.

Truleg ingen negative

Tidlegare har ein grensetvist med Slovenia hindra Kroatia i medlemskapsforhandlingar. Usemja går heilt tilbake til 1991, då dei to landa braut ut frå det tidlegare Jugoslavia.

Tvisten vart rydda opp i for to år sidan, og det vert no rekna som usannsynleg at nokon av EU-landa kjem til å setja foten ned.

Truleg vil den formelle fråsegna om at Kroatia kjem med i Unionen skje under EU-toppmøtet den 23. og 24. juni. Dagen etter er det 20 år sidan Kroatia vart lausrivne frå Jugoslavia.

Ungarn, som har EU-formannskapet dette halvåret, har prioritert sterkt å få i hamn forhandlingane med Kroatia innan utgangen av juni, ifølgje NTB.

Folkeavstemmning først

Det kroatiske folket må også stemma over eit EU-medlemskap, og per i dag er det usikkert kva resultatet vil bli. Ifølgje NTB seier 44 prosent av kroatane ja, medan om lag 42 prosent er motstandarar av EU-medlemskap.

Oppslutnaden om EU-medlemskap var eit heitt tema i april etter ein dom i krigsforbrytardomstolen i Haag mot to tidlegare kroatiske generalar.

Mange kroatar ser på generalane som folkeheltar og likar dårleg EU sine krav om samarbeid med FN sin krigsforbrytardomstol for det tidlegare Jugoslavia (ICTY).

Kroatiske tenestemenn spår likevel at nedgangen i oppslutnaden om EU-medlemskap er kortvarig.

SISTE NYTT

Siste nytt