Hopp til innhold

Kritisk rapport: USA seint ute med å stanse innreise frå Europa

Leiinga i USA var seint ute med å forstå kor raskt koronaviruset spreidde seg til landet frå Europa, meiner nestleiar i smittevernbyrået CDC.

Anne Schuchat og president Donald Trump 26. februar 2020

TAR SJØLVKRITIKK: Visedirektør i smittevernbyrået CDC, Anne Schuchat, deltok på ein pressekonferanse i Det kvite hus 26. februar. No går ho sterkt i rette med president Donald Trump sin versjon av styresmaktene sin handtering av koronakrisa.

Foto: Evan Vucci / AP / NTB Scanpix

Kritikken mot amerikanske styresmakter kjem frå ein av USAs fremste helseekspertar, doktor Anne Schuchat, som er nestleiar ved smittevernbyrået Centers for Disease Control and Prevention (CDC). Kritikken omfattar og hennar eigen arbeidsplass.

Ho seier at avgrensa testing og altfor seine åtvaringar mot innreise frå andre område enn Kina, bidrog sterkt til at koronaviruset spreidde seg raskt i USA frå slutten av februar.

– Vi erkjende openbert ikkje alvoret i det som var i ferd med å skje, seier Schuchat i samband med at CDC har offentleggjort ein artikkel av henne om USAs respons.

Hardast ramma

Koronaviruset oppstod først i Kina i fjor, men sidan har USA vorte det hardast ramma landet i verda, med ein tredel av alle smittetilfelle og over ein firedel av alle døydde.

Over 1,1 million amerikanarar er smitta, og over 64.000 døde, ifølgje Johns Hopkins-universitetet i Baltimore som har ein oppdatert oversikt over stoda i over 200 land og territorium.

En begravelse på Calvary Cemetery i Queens i New York City 2. april.

Ei gravferd på Calvary gravplass i bydelen Queens i New York, delstaten der over 12.000 menneske er døde av koronaviruset sidan smitten kom frå Europa i februar.

Foto: Mark Lennihan / AP/ NTB Scanpix

USAs president Donald Trump trekkjer stadig fram at han allereie 31. januar gav ordre om å hindre at utlendingar som hadde vore i Kina dei 14 tidlegare dagane, skulle få komme til USA.

Men Schuchat viser til at det kom 2 millionar reisande frå Italia og andre land i Europa i februar, og at det var først 11. mars at USA stansa innreise derifrå.

– Den omfattande innreisa frå Europa medan utbrota var i gang der, medførte auka import av viruset og rask spreiing, seier ho.

Ho viser mellom anna til at over 100 menneske som hadde vore på cruise på Nilen i februar og byrjinga av mars, testa positivt då dei kom til USA.

Eksplosiv effekt

I artikkelen viser Schuchat òg til den eksplosive effekten nokre store samlingar av folk i februar hadde, mellom anna ein forskingskonferanse i Boston, Mardi Gras-karnevalet i New Orleans og ei gravferd i Albany i Georgia.

Mardi Gras-festivalen i New Orleans i USA samlet store folkemengder og medførte mye koronasmitte. dette bildet er fra opptoget 25. februar 2020.

SMITTEBOMBE: Mardi Gras-festivalen i New Orleans i februar vart ein arena for massiv smittespreiing. Dette bildet er frå opptoget 25. februar. Fleire medlem av Zulu-dansegruppa er no døde av viruset.

Foto: Rusty Costanza / AP / NTB Scanpix

Rapporten synest å avvike frå ideen om at innreiseforbodet frå Kina var viktig for å hemme spreiinga av viruset, seier Jason Schwartz, som er professor ved Yale-universitetet.

Han seier òg at eit av dei underlegaste aspekta ved USAs respons er at CDC i så stor grad er tilsidesett av den føderale regjeringa. CDC har ansvaret for å spore og hindre nettopp den typen smittsam sjukdom som koronaviruset er.

Vil du ha nyheitsbrev frå NRK Urix? Meld deg på her!

SISTE NYTT

Siste nytt