Det vil seia 16.250 milliardar norske kroner.
Og då er utgiftene til krigføringa i Irak og Afghanistan haldne utanfor.
Hillary Clinton meiner budsjettet syner korleis George W. Bush gjev skattelette til dei rikaste i Usa, samstundes som han aukar skattetrykket på alle dei andre.
Tek frå dei fattige - gjev til dei rike
Barack Obama er samd med Clinton og seier at det ikkje finst noko betre døme enn dette på at det trengst endring i Washington.
– I ei tid der me bruker milliardar av dollar kvar veke i Irak, og arbeidsfolk slit meir enn nokon gong, ynskjer presidenten faktisk å halda oppe skattekutt for dei rike som ikkje treng dei, seier han.
Han meiner at dessutan at skattekutta vil føra til kutt i helsetilbodet til vanlege folk, skuleverket, bustadstønaden og andre program for å hjelpa fattige.
– Og han held fram med å gøyma dei reelle kostandene med den feilslegne krigføringa, og overlet gjelda til borna våre, konstaterer Obama.