Arafat talte til det palestinske parlamentet i Ramallah på Vestbreidda i samband med at den nye regjeringa til Ahmed Qurei vart presentert. I ettermiddag godkjende den palestinske folkevalde forsamlinga den nye regjeringa til Qurei med 48 mot 13 røyster. Dei fleste medlemene i den nye regjeringa blir rekna for Arafat-lojalistar.
Yasir Arafat og Ahmed Qurei før møtet i det palestinske parlamentet i føremiddag. (Foto. AP/Scanpix)
Berlin-mur
Yasir Arafat starta talen sin med å kalle den israelske tryggingsmuren for ein ny Berlin-mur. Han sa også at Israel truar hans eige liv kvar einaste dag og natt. Arafat er meir eller mindre i husarrest i hovudkvarteret sitt i Ramallah.
Arafat, som er palestinsk folkevald president, gjorde det også klart at Israel har rett til å leve innanfor trygge grenser ved sidan av ein palestinsk stat. Han tok til orde for å kome ut av valdsspiralen. - Tida er inne for å få slutt på denne destruktive krigen som ikkje vil gi tryggleik til korkje dei eller oss, sa Arafat blant anna.
Arafat sa at palestinarane har godkjend Israel som ein sjølvstendig stat, og at det ikkje er snakk om å gå tilbake på dette standpunktet.
Vegkartet
Amhed Qurei oppmoda i sin tale på det sterkaste Israel om å trekkje styrkane sine tilbake der dei stod før Intifadaen, det palestinske opprøret, starta. Dersom dette skjer vil det bli palestinsk nyval innan juni neste år, sa han.
Korei sa også at palestinarane fullt ut støttar det internasjonale vegkartet for fred, som er utarbeidd av blant andre USA, EU og Russland. Han ba om stans i alle angrep mot sivile, både på israelsk og palestinsk side, og om at det blir inngått ei forpliktande våpenkvile.
- Eg strekkjer ærleg ut handa til dykk for å få til ei tosidig våpenkvile, slik at vi kan stanse valden, sa Korei i talen sin til parlamentet.
Konferanse
Ahmed Qurei, som også blir kalla Abu Ala, sa i talen sin også at den nye regjeringa hans er budd på stans i all vald mot Israel. Han oppmoda alle palestinarar, også dei væpna gruppene, om å stanse all bruk av vald, slik at Vegkartet kan setjast i verk.
Han foreslo også å halde ein internasjonal konferanse som kan gjere sluttarbeidet for å få til ein fredsavtale mellom Israel og palestinararne. Han bad spesielt den såkalla kvartetten, USA, EU, Russland og FN, til å ta eit ansvar for å få til ein fredskonferanse.
Israel
Den israelske reaksjonen på Arafat sin tale var som venta negativ. Ein av Ariel Sharon sine rådgjevarar sa at Arafat ikkje er truverdig når han snakkar om Israel sin rett til trygge grenser.
- Du kan ikkje halde ei olivengrei i eine handa og ei tikkande bombe i den andre, sa Sharon-rådgjevaren Dare Gold.