Valobservatøren George Folsom representerer Det internasjonale republikanske instituttet, IRI. Han seier at valet vart organisert på ein tilfredsstillande måte, men at det ikkje heldt internasjonal standard.
En amerikansk valgobservatør er misfornøyd med gjennomføringen av lokalvalget i Kambodsja. (Scanpix-foto)
Statsminister Hun Sens sitt Kabodsjanske Folkeparti har alt utpeikt seg som valvinnar, men Folsom meiner at valeikkje var fritt og rettferdig.
Han skuldar regjeringspartiet for det dårlege inntrykket, og seier at drap og undertrykking av opposisjonen prega valkampen. Dette gjorde at partane ikkje deltok på like vilkår, seier George Folsom til det franske nyheitsbyurået AFP.