Helge Fossmo fekk gjenomgå i Svea hovrett i dag. (Foto: Passregisteret)
Sist veke gjekk Helge Fossmo til hardt angrep på forsamlinga i Knutby, og hardast gjekk det utover Åsa Waldau. Fossmo sa at ho sjølv hadde utpeikt seg som Kristi brud, at ho styrte det meste i pinseforsamlinga, og at han var hennar kjærleiksslave.
Dette avviste Waldau på det sterkaste i Svea hovrett i dag, og sa blant anna at Fossmo er eit svært farleg menneske.
- Han er styrt av djevelen til vonde handlingar. Eller så gjer han det av eigen vilje, sa ho på spørsmål frå Fossmos forsvarar Ola Nordström.
Waldau sa at ho kjende seg grovt krenkt av Fossmo sine skuldingar, og avviste også at ho hadde hatt eit seksuelt forhold til Fossmo.
Åsa Waldau er syster til den andre kona til Helge Fossmo, Alexandra. Fossmo vart dømd for medverknad til drapet på henne, men det var familien si hushjelp som utførte sjølve drapshandlinga. Fossmo er dømd for å ha påverka henne til å gjere det.