Hopp til innhold

Kristent ektepar lynsja av mobb

Ein rasande mobb på ein mursteinsfabrikk i Pakistan slo i hel eit kristent ektepar etter å ha skulda paret for å ha fornærma Koranen. Deretter kasta dei paret i ein av omnane på fabrikken.

lahore pakistan

Det grufulle dobbeldrapet skjedde i byen Kot Radha Kishan i Punjab-provinsen, rundt 60 kilometer sørvest for storbyen Lahore. Dette er det siste eksempelet på ei rekkje tilfelle av valdsbruk mot religiøse minoritetar i Pakistan. Svært ofte skuldar gjerningspersonane på at offera hadde gjort seg skuldige i blasfemi.

Lynsjemobben denne gongen vart leidd av ein islamistisk predikant, og det er uklart kor mange som deltok i mishandlinga. Ein politimann opplyser til det franske nyheitsbyrået AFP at 50 personar er arresterte i saka.

Mishandling og tortur

Det kristne ekteparet vart mishandla og torturert på det grovaste før dei vart kasta inn i omnen, fortel politimann. Ein kollega stadfestar opplysningane overfor AFP.

Ekteparet i 30-åra' ar skulda for å ha brent eit eksemplar av Koranen, men dette blir avvist av familiemedlemer.

Asia Bibi er dømd til døden for blasfemi.

Asia Bibi har no mist håpet om å bli benåda, seier ektemannen hennar.

Foto: STR / Ap

Det å vanære islam eller Koranen blir rekna som eit alvorleg brotsverk i Pakistan, og blir ein funnen skuldig kan det bety dødsstraff. Falske skuldingar om blasfemi blir stadig oftare sette fram mot kristne og andre religiøse minoritetar.

LES OGSÅ: Kristen firebarnsmor dømd til døden for blasfemi

LES OGSÅ: Barbari og demokrati i Pakistan

Stadfesta dødsstraff

Ei sak som har vekt stor oppsikt i Vesten er dødsdommen mot den kristne kvinna Asia Bibi i november 2010. Ho vart dømd til døden for blasfemi, og trass i sterke internasjonale reaksjonar og protestar vart dommen aldri endra.

Så seint som for to veker sidan stadfesta høgsterett i Lahore dødsdommen mot henne.

Asia Bibi, som var ein fattig landarbeidar, arbeidde ute på markane saman med fleire muslimske kvinner i juni 2009. Då ho gjekk for å hente vatn, nekta dei andre kvinnene å drikke vatnet fordi dei meinte det var ureint, sidan Asia Bibi ikkje var muslim.

Dette førte til ei oppheita diskusjon, og dei muslimske kvinnene gjekk til politiet og sa at Bibi hadde sagt noko fornærmande om profeten Muhammed. Saka vart teken til ein domstol, som dømde henne til døden.

No har ho sete på dødscelle i fire år.

Mannen og to av døtrene til Asia Bibi.

Mannen til Asia Bibi, Ashiq Masih, saman med to av døtrene, Esham (t.h.) og Esha.

Foto: Arif Ali / Afp

– Har mist alt håp

Mannen til Asia Bibi, Ashiq Masih, lever sjølv i skjul saman med to av dei fem borna deira. Han fortel i eit intervju med AFP at han sidan dommen mot kona i 2010 har vitja henne i fengselet ein gong i månaden. Turen frå der han bur til fengselet der kona hans er i Multan i det sørlege Punjab, tek fem og ein halv time

– Heile tida har ho vore optimistisk med håp om å bli benåda, men etter den siste rettsavgjerda har ho mist alt håp. Ho gret heile tida medan eg var hos henne, seier Ashiq Masih i intervjuet.

Han appellerer til Grunnlovsdomstolen og presidenten om å benåde kona. Han fortel at ho har ein bibel på cella som ho trøystar seg med, sjølv om ho ikkje kan lese.

LES OGSÅ: Pakistansk handlingslammelse

LES OGSÅ: Frykter hun snart blir drept

– Banka henne opp

Ei av døtrene deira, Esham, hugsar godt den dagen politiethenta mora heime.

– Eg kom heim frå skulen og dei hadde henta mor og banka henne opp. Dei reiv sund kleda hennar, og dei sa at den einaste måten ho kunne berge livet på var å bli muslim, fortel ho til AFP.

Amnesty International og andre menneskerettsorganisasjonar har sagt at Asia Bibi ikkje fekk ei rettferdig rettssak, og dei har bede om at ho straks blir sett fri.

Sjølv om Pakistan har dødsstraff for blasfemi, så er ingen avretta for det i landet. Likevel kan det vere nok å bli skulda for blasfemi for å bli drepen av lynsjegjengar. Også i fengsla har innsette dømde for blasfemi det vanskeleg.

LES OGSÅ: Lovar heilag krig om dødsdømd kristen kvinne blir benåda

LES OGSÅ: Frammarsj for muslimsk ekstremisme

Asia Bibi (i midten)

Asia Bibi saman med den tidlegare guvernøren i Punjab (t.h.). Han vart seinare skoten og drepen fordi han ville liberalisere blasfemilovene.

Foto: Asad Karim / REUTERS

Skoten av fangevaktar

I januar i år vart ein psykisk sjuk eldre britiske mann dømd til døden for blasfemi. Sist månad vart han skoten og drepen av ein fangevaktar. Fangevaktaren var sjølv sterkt påverka av ein politimann som tok livet av guvernøren i Punjab i 2011.

Motivet for drapet var at guvernøren foreslo å endre dei strenge blasfemilovene i delstaten.

SISTE NYTT

Siste nytt